Inaktiv

Vinstra vidaregåande skule - Undervisningsstilling i engelsk, norsk og spesialundervisning

Arbeidsgiver
Innlandet fylkeskommune Vinstra vidaregåande skule
Frist
09.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Beskrivelse

 

Vinstra vidaregåande skule har i perioda 01.08.2024 - 31.07.2025 ledig inntil 100% vikariat i engelsk og eventuelt andre fag.  Inntil 100% vikariat i spes.ped innan faga norsk, engelsk og matematikk.  Inntil 100% engasjement for skuleåret 2024/25 innan mellom anna norsk, tilpassa opplæring og norsk for framandspråklege.

Det ligg undervisning både på yrkesfag og studiespesialisering i alle stillingane.

Det er ønskeleg at den som blir tilsett kan undervise i fleire fag, dette gjeld alle stillingane

Vi søkjer deg som

  • likar ungdom og ser alle!
  • er  god på relasjonsbygging og samarbeid
  • sjølvstendig, samarbeidsviljug og bidreg på ein positiv måte i ein delingskultur
  • god fagleg- og digital kompetanse
  • evner å planlegge og gjennomføre opplæring som sikrar  læringsprogresjon for alle elevar
  • er utviklingsorientert og reflekterer over eigen praksis og faga dine
  • har eit positivt elevsyn

Vi tilbyr

  • godt arbeidsmiljø i trivelege omgjevnader
  • vår visjon: “gode forbilde formar framtida”
  • eit bibliotek, IKT-avdeling og kontor som er oppdaterte og yter god service til både elevar og tilsette
  • eit framoverlent kollegie som er opptatt av elevane si læring og utvikling
  • lokaler og undervisningsutsyr med høg kvalitet
  • lønn etter gjeldande avtaleverk
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

Om stillinga

  • engelsk og eventuelt eit anna fag
  • undervisning på både studieførebuande- og yrkesfagleg studieretning
  • tilrettelagt undervisning
  • spesialundervisning

Arbeidsoppgåver

  • undervisning
  • oppfølging av elevar
  • samarbeid med interne- og eksterne samarbeidspartnarar
  • pedagogisk- og fagleg utviklingsarbeid
  • bidra og delta i skulen sitt utviklingsarbeid

 

Ønskte kvalifikasjoner

  • Pedagogisk utdanning med relevant fagleg fordjupning i faget 

Søknad

Innlandet fylkeskommune ønsker at arbeidsstyrken skal speile mangfaldet i befolkninga og oppmodar difor alle som er kvalifisert i samsvar med krava i stillinga til å søke hjå oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. Det vil bli lagt vekt på om du som person er eigna for stillinga.

Vi gjer merksam på at alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Unntak frå dette blir behandla etter grunngjeving i tekstfeltet til søknaden.

Vi gjer merksam på at overtallige i fylkeskommunen kan ha fortrinnsrett til stillinga.

Innlandet fylkeskommune nyttar elektronisk søknadsskjema. Vi ber aldri om bank-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å motta søknaden din.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Gamle Skåbuv. 10, 2640 Vinstra
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
345199454
Sist endret
22. mars 2024 02:27