Vil du bli med på å drifte og utvikle dokumentasjons- og informasjonsflyten vår?

Arbeidsgiver
Stab for verksemdsstyring, Møre og Romsdal politidistrikt
Stillingstittel
Vil du bli med på å drifte og utvikle dokumentasjons- og informasjonsflyten vår?
Frist
14.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer etter ein nøyaktig, strukturert og initiativrik medarbeidarar som ønskjer å vere med på å drifte og utvikle den framtidige dokumentasjons- og informasjonsflyten i Møre og Romsdal politidistrikt. Den digitale utviklinga går raskt og vi er opptekne av å etablere ein framtidsretta og effektivt dokumentasjons- og informasjonsflyt. Vi ønskjer oss derfor ein kollega som nøyaktig og effektivt utfører daglege, rutinemessige driftsoppgåver, men som også evnar å sjå framover for meir smidige arbeidsprosessar.

I stillinga vil du ha daglege driftsoppgåver og i tillegg ha eit særleg ansvar for ordning og systematisering av eldre historisk arkiv, og dessutan vedlikehald av kassasjons- og bestandsoversikta til politidistriktet. Det er også aktuelt med digitaliseringsprosjekt. 

Som medarbeidar innan dokumentasjonsforvaltning og arkiv blir du ein del av Stab for verksemdsstyring. Stab for verksemdsstyring skal mellom anna sikre at dei overordna måla og resultatkrav blir varetekne innan den økonomiske ramma til politidistriktet. Vi er ein stab på 10,5 stillingar som arbeider innanfor fagfelt som økonomi, tryggleik, eigedom, materiell, internkontroll, dokumentasjonsforvaltning og arkiv.

Søk no, og bli ein del av det dedikerte teamet vårt!



Arbeidsoppgåver

  • Daglege, rutinemessige driftsoppgåver som poståpning, journalføring og kvalitetskontroll i sak- og arkivsystemet
  • Betjene e-postmottak og Altinn
  • Kurs og brukarstøtte til interne brukarar av sak- og arkivsystemet
  • Uttak og kvalitetssikring av offentleg journal
  • Periodisk internkontrollarbeid
  • Ordning og systematisering av eldre historisk arkiv
  • Andre oppgåver pålagt av leiar

Kvalifikasjonar

Nødvendige

  • Relevant utdanning innan arkiv eller bibliotek, fortrinnsvis frå høgskule/universitet
  • Særskilt relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
  • Det er krav om relevant utdanning på minimum bachelornivå for stillingskode 1434 Rådgivar
  • Kunnskap om relevante lover og forskrifter
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
  • Må kunne sikkerhetsklarerast som HEMMELEG

Ønska

  • God digital kompetanse eller erfaring med digitalisering
  • Erfaring med drift av saks- og arkivsystem
  • Erfaring med ordning og systematisering av eldre historisk arkiv

Personlege eigenskapar

  • Nøyaktig og kvalitetsbevisst
  • God arbeidskapasitet 
  • Evner å utøve sjølvleiing på eigne oppgåver
  • Initiativrik og opptatt av å finne gode løysingar
  • Bidrar til å halde oppe eit godt arbeidsmiljø ved å vere omgjengeleg og positiv

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med på å forme politien i framtida
  • Stillinga som førstekonsulent (stillingskode 1408), løn frå kr 495 200,- til 548 600,- brutto per år
  • For særleg kvalifiserte søkjarar med relevant bachelornivå, rådgivar (stillingskode 1434), frå kr
  • 548 600,- til kr 624 500,- brutto per år
  • Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon og AFP. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte når du døyr, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsettgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk
  • Møre og Romsdal politidistrikt  er knytt til bedriftshelseteneste
  • Fleksibel arbeidstid
  • Mogelegheit for trening i arbeidstida

Kontaktinformasjon

Maria Fausa, Arkivleiar, 45814533

Siri Krohn Dalen, Avdelingsdirektør, 92407858

Arbeidssted

Nedre Strandgate 50

6005 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Møre og Romsdal politidistrikt



Referansenr.: 4783605295

Stillingsprosent: 100%

Fast stilling

Søknadsfrist: 14.04.2024


Sted
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Annet, Koordinering
FINN-kode
345197656
Sist endret
22. mars 2024 02:14