Dyktige rekrutteringsrådgjevarar treng leiara som lar oss ha det kjekt på jobb!r

Arbeidsgiver
Skatteetaten, Skattedirektoratet
Stillingstittel
Underdirektør
Frist
05.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Dersom du brenn for rekruttering som fag og elskar å vere leiar for ein gjeng med dedikerte medarbeidarar, er du den vi ser etter. Du må setje like stor pris på å ha det kjekt på jobb som oss.
Rekrutteringsoppgåvene i Skatteetaten vart i mai 2023 samla i ein seksjon i HR-avdelinga. Gruppa har ansvar for fagleg utvikling, operativ rådgjeving og hjelp til leiarar ute i organisasjonen. Målet vårt er å få til heilskaplege rekrutteringsprosessar som er i samsvar med Skatteetaten sine strategiar. Vi likar å vere på hugget, prøve ut nye metodar og trender innanfor vårt fagfelt.

Kva går jobben ut på?

Jobben går ut på å være ansvarleg for å sikre god rådgjeving og leveransar innan rekrutteringsområdet til alle leiarane i Skatteetaten. Rekrutteringsteamet i Skatteetaten jobbar med å rigge framtidsretta og effektive rekrutteringsprosessar. Du vil vere med på å følgje opp nye trendar innanfor vårt fagfelt og drive kontinuerleg forbetring av våre prosessar. Du skal leie arbeidet med å få ein meir einsarta praksis, samt effektive og framtidsretta rekrutteringsprosessar. Rekrutteringsteamet skal vere ein attraktiv samarbeidspartnar for leiarane i Skatteetaten.
Du vil vere leiar for ei gruppe med medarbeidarar som har mykje kompetanse og lang erfaring innan rekrutteringsfaget. Gruppa samarbeider tett med profileringsgruppa som er i same seksjon. Du vil og ha eit tett samarbeid med eksterne byrå og leverandørar.

Kvalifikasjonar

Du har fortrinnsvis ein mastergrad, og fag/sertifiseringar som er relevante for rekrutteringsområdet.
Du må ha solid erfaring med operativ rekruttering i offentleg sektor, fortrinnsvis statleg verksemd.
Du må ha erfaring med å leie medarbeidarar på fleire lokasjonar.
Du har leiarerfaring og erfaring med personalansvar.
Du har inngåande prosess- og endringskompetanse innan rekrutteringsfaget på taktisk og strategisk nivå.
Du har sertifisering innan evne- og personlegdomstestar.
Det er ein fordel med DNV-sertifisering innan rekruttering.
Du har forståing for juridiske problemstillingar knytt til statsansattelova og rekruttering.
Det er ein fordel med erfaring med å jobbe i ein matriseorganisering

Personlege eigenskapar

Du er ein strategisk og løysingsorientert person som klarer å omsetje strategiske retningsliner til praktiske og velfungerande prosessar innan ditt fagområde.
Du er ein god planleggjar og kan fordele ressursar i organisasjonen på ein god og effektiv måte.
Du har eit engasjement mobiliserer og utviklar eit godt rekrutteringsteam
Du er god til å skape relasjonar og samarbeide godt på alle nivå i organisasjonen
Du elskar nye metodar og løysingar for korleis vi skal uvikle rekruttering.
Du vågar å prøve og utfordre etablerte sanningar.

Kvifor skal du velje oss?

Høyres det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då trur vi at du vil trivast hjå oss! Vi kan lokke med moglegheita til å arbeide med samfunnsaktuelle saker i ein nytenkjande organisasjon som haustar stor tillit i befolkninga. Du får jobbe tverrfagleg med kollegaer frå andre fagområde, og med store moglegheiter til å planlegge din eigen arbeidsdag.

Du vil bli leiar for ei gruppe med stor takhøgde, og som elskar faglege diskusjonar. Det er viktig for oss å ha eit godt arbeidsmiljø og ha det kjekt på jobb, sjølv om vi sit på ulike stader i vårt langstrakte land

Hos oss får du rammer som sikrar deg ein fornuftig balanse mellom jobb og fritid: du får fleksitid og betalt overtid, sommartid, samt høve til å trene litt i arbeidstida. Medlemskap i Statens pensjonskasse følgjer òg med. Det betyr mellom anna at du får ein av Noregs beste pensjonsordningar og høve til å søkje om bustadlån med gunstige vilkår. Les meir på spk.no

Vi veit at mange ønskjer seg ein hybrid og fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å veksle mellom å jobbe heimefrå og møtast på kontoret. Det vil vi sjølvsagt tilretteleggje for. Hos oss kan ein inngå avtale om heimarbeid når arbeidsoppgåvene tilseier at det lar seg gjere.

Du blir tilsett som underdirektør med ein årslønn mellom 800 000,- og 996 000,- kr, avhengig av kvalifikasjonane dine. For spesielt kvalifiserte kandidatar kan vi vurdere å gi noko høgare lønn enn dette

 



Verdt å merkse seg før du søkjer.

Vi er meir opptatt av kva du kan, dine erfaringar og kompetanse enn kor flink du er til å skrive ein jobbsøknad. Derfor ber vi deg om å levere ein god og beskrivande CV der du får fram kva du har gjort og oppnådd som gjer deg kvalifisert for stillinga du søkjer på. Du treng altså ikkje å skrive eller leggje ved eit søknadsbrev.

Vi vil at du skal føle deg trygg på valet når du takkar ja til å jobbe hjå oss. Dersom du er aktuell for stillinga, tilbyr vi deg ein omvendt referansesjekk. Det betyr at du får ringe nokre av våre medarbeidarar og stille dei spørsmål du måtte ønskje for å finne betre ut om vi er ein god match.

Vi er på jobb for alle og skal vere ein god stad å jobbe for alle. Likeverd, likestilling og mangfald er ein del av kulturen vår, og vi har nulltoleranse for diskriminerande praksis og oppførsel. Har du hol i CV-en din, funksjonsnedsetjing eller innvandrarbakgrunn, vil vi oppmode deg til å krysse av for dette når du søkjer stillinga hjå oss. Det gir deg høve til å få positiv særbehandling. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju.

Når du søkjer jobb hjå oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Det er mogleg å be om å bli unntatt denne søkjarlista. Då må du i så fall grunngje kvifor du ønskjer det, og vi tek deretter stilling til om vi kan innvilge ønsket ditt. Kan vi ikkje det, høyrer du sjølvsagt frå oss.

 

Kontaktinformasjon

Siri Elisabeth Siger Conradi, Seksjonssjef, 95922250

Arbeidssted

Fredrik Selmers vei 4

0663 Oslo

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Skatteetaten



Referansenr.: 4788667594

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 05.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Fredrik Selmers vei 4, 0663 Oslo
Stillingsfunksjon
HR, personal og rekruttering, Ledelse
FINN-kode
345193132
Sist endret
26. mars 2024 07:10