Inaktiv

Fastlege / lege i spesialisering

Arbeidsgiver
Osterøy kommune
Stillingstittel
Fastlege / lege i spesialisering 3.gongsutlysning
Frist
12.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Ein av våre dyktige legar på Valestrand legekontor har sagt opp sin fastlegeheimel og denne står ledig i dag. Valestrand legekontor har til saman 3 stillingsheimlar og er organisert som eit DA. Kontoret har 3 helsesekretærar i 3 årsverk. Osterøy har i tillegg eit legesenter i Lonevåg med 3 stillingsheimlar. Pr i dag har kommunen to LIS 1 legar. Ein heimel ved kvart kontor er i ALIS løp.

Journalsystemet er InfoDoc

Osterøy kommune har to legekontor med til saman 6 fastlegar. Kommuneoverlegen på Osterøy har delt stilling, 40 % som kommuneoverlege og 60 % som sjukeheimslege ved Osterøytunet.

  • Ny heimelsinnehavar må kjøpe seg inn i legesenteret sitt etablerte kontorfellesskap. Vilkår for overdraging av praksis må avtalast med noverande heimelsinnehavar.

    Fastlegepraksis i kommunen skal drivast etter Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester, fastlegeforskrifen og anna relevant helselovgjeving, på dei vilkår som framgår av ASA 4310, samt lokale føringar gitt av kommunen. Tildeling av avtaleheimel følger av ASA 4310. Merk at heimel blir tildelt som eit enkeltvedtak etter forvaltningsloven, der andre søkjarar kan ha innsynsrett i m.a CV og søknadsdokument om dei har relevans i grunngjevinga.


Arbeidsoppgåver
  • Listelengda er på 1286
  • Kommunen deltek i interkommunal legevakt og innehavar av heimel pliktar å delta i denne på kveld og helg
  • På dagtid er det kommunal legevakt som legen deltek i saman med dei andre legane på Osterøy

Kvalifikasjonskrav
  • Krav om norsk autorisasjon
  • Krav om godkjent LIS1 eller tilsvarande med rett til trygderefusjon
  • Spesialist i allmennmedisin eller påbegynt vidareutdanning i allmennmedisin – evt starte i ALIS løp
  • Erfaring frå allmennmedisin vil bli vektlagt saman med relevante spesialitetar
  • Søkjarar må ha god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Gyldig førarkort

Personlege eigenskapar

  • Interesse for privat drifta legeteneste
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert
  • Evne til å bidra til utvikling og kvalitetsforbetring innan området
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i tildelinga av heimelen

Vi tilbyr
  • Jamnlege allmennlegemøter med dei andre fastlegane
  • Godt fungerande samarbeidsutval med kommuneoverlege og kommuneleiing
  • Dyktige og erfarne kollegaer ved kontoret
  • Korte tenesteliner og godt samarbeid med den kommunale helse- og omsorgstenesta

Spørsmål om stillinga
  • Kommuneoverlege Anita Sørtveit, telefon 97 00 02 26, mail: anita.sortveit@osteroy.kommune.no
  • Kommunalsjef Helse, omsorg og sosial Kristin Ruud Myking, telefon 99 01 00 87, mail:kristin.ruud.myking@osteroy.kommune.no

Sektor
Offentlig
Sted
Valestrand legekontor, 5281 Valestrandsfossen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege
FINN-kode
345190878
Sist endret
26. mars 2024 07:06