Vil du vera med å forma framtida til barn og unge i Vindafjord?

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Oppvekst
Stillingstittel
Einingsleiar Vågen oppvekstsenter
Frist
05.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me søkjer:

Einingsleiar i 100 % fast stilling ved Vågen oppvekstsenter.

Hovudarbeidsoppgåver:

Som einingsleiar vil du vera ansvarleg styrar og rektor, du blir ein del av både styrar- og rektorgruppa som består av engasjerte einingsleiarar frå alle barnehagane og skulane i Vindafjord. Vågen oppvekstsenter består i dag av ein barnehagedel og ein skuledel med SFO. Frå 1. august 2024 blir einingsleiar på Vågen oppvekstsenter også ansvarleg for Bjoa oppvekstsenter. Som ny einingsleiar blir du med å forma korleis ein skal organisera og drifta oppvekstsentera. Einingsleiar er ansvarleg for den daglege drifta, tilpassing og utvikling av barnehagen og skulen. Einingsleiar har til saman 100% administrasjonstid, i tillegg til avdelingsleiar i 100 % stilling og ein administrasjonressurs knytt til den ekstra drifta av Bjoa oppvekstsenter. Utanom dette er det også administrasjonsressurs til leiing av SFO. 

Me ser no etter deg som er initiativrik og løysingsorientert, med evne til nytenking. Du må vera utviklings- og resultatorientert i arbeid med den pedagogiske verksemda i barnehagen og skulen.

Vindafjord kommune har høge ambisjonar for barn si utvikling og elevane si læring. Det er tydelege forventingar til einingsleiar som overordna pedagogisk leiar. 

Einingsleiar rapporterer til barnehage- og skulesjef.

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent barnehage- eller lærarutdanning. Dokumentert pedagogisk kompetanse
  • Leiarutdanning (rektorskulen/styrarskulen eller anna relevant leiarutdanning) er ønskjeleg
  • Relevant leiarerfaring er ønskjeleg
  • Strategisk innsikt og visjonar for oppvekstsentera si pedagogiske utvikling
  • Leia og følgja opp utviklingsarbeid og vedtekne planar
  • Gode samarbeidsevner, målretta og handlekraftig
  • Evne til å motivera og inspirera medarbeidarane
  • Innsikt i og evne til god økonomistyring

Andre opplysningar 

Vågen oppvekstsenter kjem frå august 2024 til å ha 37 barn i barnehagen og rundt 100 elevar på skulen, det er rundt 30 tilsette fordelt på barnehage og skule. Oppvekstsenteret har eigen SFO og frå august 2024 er det 41 elevar som skal gå der.

Vågen oppvekstsenter avdeling barnehage ligg i byggefeltet i Vågshagen, tett ved skulen i Ølensvåg. Barnehagen har i utgangspunktet tre avdelingar: Sjarmtroll 0 - 3 år, Bergtroll 3 - 5 år og Vågstroll 3 - 6 år. Skulen flytta inn i ny bygning året 1997 og har leigeavtale for gymsal og kjøkken i del av bygning som Vågen bygdesenter eig. Skulen på Vågen oppvekstsenter er ein 1-7 skule.

Bjoa oppvekstsenter kjem frå august 2024 til å ha 7 barn i barnehagen og 22 elevar på skulen, det er rundt 9 tilsette fordelt på barnehage og skule. Oppvekstsenteret har eigen SFO og frå august 2024 er det 12 elevar som skal gå der.

 

Personlege eigenskapar:

  • Gode personlege eigenskapar 
  • God til å kommunisera resultat, identifisera utfordringar følgja opp tiltak 
  • Meistrer norsk på ein god måte, både skriftleg og munnleg
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt 

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Mentor det første arbeidsåret
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Stillingsfunksjon
Ledelse
FINN-kode
345189573
Sist endret
02. apr. 2024 11:52