Inaktiv

Sommarvikariat legar/ medisinarstudentar 2024

Arbeidsgiver
Personal- og organisasjonsavdelingen / Bemanningssenteret / Helsepersonell, Hels
Stillingstittel
Sommarvikariat legar/medisinarstudentar 2024
Frist
09.04.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremje helse og livskvalitet.

Sommaren 2024 treng vi dyktige og engasjerte legar/medisinarstudentar med lisens til sommarvikariat ved ei rekke avdelingar og einingar ved sjukehuset. Vikariata vil ha varigheit frå 6-10 veker. For å gjere det enklare for deg som søkar har vi felles rekruttering til avdelingane.

Du må oppgje øverst i søknaden kor du ønsker å jobbe, i prioritert rekkefølge (inntil 3 avdelingar).

Du må skrive i søknaden i kva periode du kan jobbe. Kandidatar som kan jobbe samanhengande og i lengre periodar vil ha fortrinn.

Periode: veke 25 - 35

Det er ledig vikariat ved desse avdelingane:

Rusmedisin:

  • Avdeling for rusmedisin -  4 vikariat

Psykiatri:

  • Psykiatrisk klinikk - 7 vikariat
  • Øyane distriktspsykiatriske senter - 1 vikariat
  • Kronstad distriktspsykiatriske senter (psykose døgn ) - 1 vikariat
  • Bjørgvin distriktspsykiatriske senter - 3 vikariat

Somatikk:

  • Kirurgisk klinikk (plastikk) - 1

Arbeidsoppgåver

  • Pasientoppfølging

Kvalifikasjonar

  • Ha norsk autorisasjon eller lisens til å arbeide som lege
  • Det er ein fordel med relevant klinisk erfaring
  • Bør ha interesse og/eller kjennskap til fagfeltet (legg ved evt. dokumentasjon)
  • Ha kunnskap om DIPS og andre fagsystem
  • Meistre norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
  • Er god til å samarbeide i eit tverrfagleg miljø
  • Kommuniserer godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Er målretta, og får oppgåvene gjort

Vi tilbyr

  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

Kontaktinformasjon

Janne Kristiansen, Rådgiver, +47 48286300

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4788653191
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.04.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
345175458
Sist endret
25. mars 2024 07:42