Inaktiv

Fagarbeidar Teknologi- og industrifag

Arbeidsgiver
Ålesund videregående skole, Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Fagarbeidar Teknologi- og industrifag
Frist
21.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ålesund videregående skole har ledig 89% fast stilling som fagarbeidar i avdeling for teknologi- og industrifag.



Arbeidsoppgåver

Fagarbeidar skal støtte faglærar inn mot eleven sitt læringsarbeid, og i særleg grad vere med å sikre eit trygt og forsvarleg
læringsmiljø (HMS) i verkstaden.

Fagarbeidar er og ein viktig medspelar i laget rundt elevane.

Initiativ og engasjement for å fremme positive læringssituasjonar er viktig.

 

Kvalifikasjonar

Fagbrev som maskinarbeidar, platearbeidar, sveisar eller annan relevant kompetanse.

Personlege eigenskapar

Du er:

- ein trygg fagarbeidar som er tydeleg i kommunikasjonen med elevane og kollegaer.

- ein som elevane raskt får tillit til og som dei vil støtte seg til.

- god på samarbeid og du brenn for å dele kompetanse og erfaring.

-  flink til å få fram det beste i elevane, både i praksis og sosialt.

 

Personlege eigenskaper vektleggast høgt.

Vi tilbyr

 - ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
-  god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
-  offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
-  løn etter tariff

Arbeidsmiljøet er prega av tillit og samhandling i ein raus, løysingsorientert og lærande organisasjon

 

Anna 
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søkje ledig stilling hos oss.
Den som vil bli tilsett må levere politiattest

Kontaktinformasjon

Breivik Julianne, Ass rektor , 95990746

Borge Austnes, Avdelingsleder , 90582036

Arbeidsstad

Gangstøvikvegen 27

6009 ÅLESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune



Referansenr.: 4784800903

Stillingsprosent: 89%

Fast

Startdato: 01.08.2024

Søknadsfrist: 21.04.2024


Sted
Gangstøvikvegen 27, 6009 Ålesund
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Håndverker / Mekaniker, Mekanikk og installasjon
FINN-kode
345165006
Sist endret
10. apr. 2024 12:39