Inaktiv

Lege i spesialisering i psykiatri

Arbeidsgiver
Lis og turnuslegar Psyk. Nordmøre og Romsdal, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Lege i spesialisering i psykiatri
Frist
21.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vi har ledig fast utdanningsstilling i psykiatri ved Molde sjukehus fra 01.06.24, samt vikariat for lege i spesialisering (LIS) i tidsrommet 01.09.24 - 30.06.25.

Molde sjukehus har 8 ulike seksjonar som saman dekkjer alle dei obligatoriske områda av spesialistutdanninga i psykiatri. Heile spesialistutdanninga kan tas i Molde. 

For LIS3 er det ei rotasjonsordning mellom dei ulike seksjonane slik at LIS3 får gjennomført heile spesialistutdanninga i Molde. Det er fokus på å gi LIS3 ei god spesialistutdanning med tid til klinisk rettleiing, psykoterapirettleiing, deltaking på kurs og undervisning samt fordjupningstid kvar veke. Det er ei felles primærvaktording for LIS1 og LIS3 lokalisert på Hjelset som for LIS3 vil vere ca 16-delt. Stillingane vi no lyser ut inngår i rotasjonsordning. Planlagt oppstart i stillinga vil vere ved DPS Molde døgnseksjon, Seksjon for utgreiing og behandling eller DPS Molde poliklinikk. Stad for oppstart avtalast med søkjar. 

Oppstartdato er fleksibel og avtalast ved tilsetjing. 



Arbeidsoppgåver

  • Arbeid i tverrfagleg team med ei rekke ulike oppgåver knytta til behandling av dei fleste hovudgrupper av psykiske lidingar
  • LIS gjer i samarbeid med psykiater vurderingar knytta til medisinske problemstillingar og medikamentell behandling som ein del av jobben, men jobbar mykje sjølvstendig med oppfølging av pasientar og eksterne samarbeidsaktørar
  • Bidra i rettleiing av LIS1 og medisinstudentar     

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du er pasientorientert 
  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du kommuniserer godt både internt og eksternt
  • Du har stor evne til å arbeide tverrfagleg

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Ei god spesialistutdanning i psykiatri!
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst med eige psykiatritillegg
  • Det blir gitt økonomisk dekning for gjennomføring av obligatoriske kurs
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

 

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevarar, og ev anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som lege i spesialisering.

Molde er rosens, jazzens og kulturens by, og ikkje minst eit eldorado for fjellturer, alpint, klatring, golf, seiling og padling. Byen er barnevennleg med nærleik til skule, barnehage og fritidstilbod. Vi har fleire daglege flyavgangar til Oslo og internasjonale ruter. Molde by fornyar seg med m.a. ny sjøfront og fleire spennande kaféer og spisestader. Les meir om Molde og Romsdalen her.

Kontaktinformasjon

Geir Magne Nødtvedt, Overlege psykiatri, +47 907 00 202, Geir.Magne.Nodtvedt@helse-mr.no

Arbeidssted

Parkvegen 84

6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4784915334

Stillingsprosent: 100%

Fast, Vikariat

Startdato: 01.09.2024

Sluttdato: 30.06.2025

Søknadsfrist: 21.04.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Parkvegen 84, 6412 Molde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Psykiater
FINN-kode
345163297
Sist endret
25. mars 2024 07:04