Barnehagestillingar

Arbeidsgiver
Sogndal kommune Sogndalsbarnehagen
Frist
14.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Sogndal kommune er ein stad full av unike opplevingar, vakker natur og spanande arbeidsplassar. No er det deg som ønskjer å jobbe i Sogndalsbarnehagen me har bruk for.   

Her er spennet av stillingar stort - me har behov for fagarbeidarar, miljørettleiarar, barnehagelærarar og pedagogiske leiarar. Alle desse funksjonane er like viktige for at ein kvardag i barnehagen skal bli trygg og føreseieleg for borna.   

Me ønskjer å komme i kontakt med deg som vil ta i vare born som har kvardagen sin i barnehagen. Me leitar etter deg som ønskjer å møte borna med respekt og positivitet.   

  

Sogndal kommune – utfordrarbygda med eit høgt kompetansemiljø 

 

Bli kjent med våre bygder: 

  • Balestrand – Fjordperla med spektakulært lys: Fjordperla Balestrand ligg midt i Sognefjorden mellom tre fjordarmar og har eit spektakulært lys. Bygda er verdskjend blant nasjonale- og internasjonale kunstnarar, fjellfolk og musikarar. Her har eventyrarar blitt ønskja hjarteleg velkomne i generasjonar. 

  • Leikanger – Frukthagen i Sognefjorden: Bær- og fruktproduksjonen står sterkt i Leikanger, med om lag 80 000 tre med eple, pære og plommer i blomstring kvar vår. I tillegg kan Leikanger by på mange fine fjellturar og naturopplevingar. 

  • Ylvisåker/Norane – fjordbygda mellom Leikanger og Sogndal med variert natur på land og fjord. Oppvekstsenteret er omkransa av flotte nærmiljøaktivitetar. Landbruk og fruktdyrking står sentralt i bygda. 

  • Sogndal sentrum – Regionsenteret med liv og røre: I Sogndal sentrum bur ein tredjedel av folka i kommunen og det vert derfor rekna som kommunen sitt  

pulserande sentrum. Ekstra liv blir det her når om lag 2500 studentar innteke bygda. Uansett om du er her kortare eller lengre tid kjenner du deg alltid hjarteleg velkommen i denne opne og innbydande bygda. 

  • Kaupanger – vekstbygda med milevis av tur- og sykkelstiar i ein fantastisk natur frå fjord til fjell, der ein kan boltre seg gjennom heile året. Variasjon i aktivitetar for små og store som sykkelløyper, ski, motor- og bilcross, fotball, frisbeegolf, hestesport med meir. Attraksjonar som stavkyrkje, museum, Vitemeir er lett tilgjengeleg for alle. 

 

Dersom du treng tips til kva du kan finne på når du har fri har me aktivitetskalenderen Kva skjer? Her kan du få tips til aktivitetar innan kultur, idrett og andre arrangement som skjer i dei ulike bygdene våre.  

 

I Sogndal kommune meiner me at medverknad frå born, føresette og tilsette vil gje eit trygt og godt barnehagemiljø. Me har derfor fokus på tillitsbasert leiing og me er ein kommune som er framoverlendt og nytenkjande.  

Gjennom samarbeid og erfaringsutveksling skal du og andre tilsette sikre god kvalitet og utvikling for alle borna i den langstrakte kommunen vår.  

Sogndal kommune sine verdiar «SOGN» pregar Sogndalsbarnehagen: 

Samskapande – Open – God – Nysgjerrig 

 

Det er ledige stillingar som barnehagelærarar/pedagogiske leiarar i Sogndal kommune frå 01.08.2024 

 

  • Kjørnes barnehage: 

Barnehagelærar: 100 % fast frå 01.08.2024 og 100 % vikariat frå 01.08.2024-31.07.2025 

Fagarbeidar/assistent: 100 % fast frå 01.08.2024 og 100 % vikariat frå 01.08.2024-31.07.2025 

https://www.kjornes-bhg.no/ 

 

  • Henjahaugane barnehage: 

Barnehagelærar: 40% vikariat frå 01.08.2024.-31.07.2025 

Fagarbeidar/assistent: 60% vikariat frå 01.08.2024.-31.07.2025 

https://www.sogndal.kommune.no/henjahaugane-barnehage.537164.nn.html 

 

  • Nybø barnehage 

Fagarbeidar/assistent:100% vikariat frå 01.08.2024-31.07.2025. 

https://www.sogndal.kommune.no/nyboe-barnehage.537163.nn.html 

 

  • Kvernhushaugen barnehage 

Fagarbeidar/assistent: 80 % vikariat frå 01.08.2024-31.07.2025 

https://www.sogndal.kommune.no/kvernhushaugen-barnehage.580250.nn.html  

 

  • Furuli barnehage:

Barnehagelærar/pedagogisk leiar: 100% fast stilling frå 01.08.2024.

Furuli barnehage - SOGNDAL KOMMUNE (furuli-bhg.no)

 

Det kan verte ledig fleire stillingar enn det som er utlyst i denne utlysinga. Då vil me ta kontakt med aktuelle søkjarar frå denne søknadsrunden. Utlysinga gjeld difor og eventuelt andre ledige barnehagestillingar som kan koma til seinare i vår/sommar. Søkarar kan difor vere aktuelle / få tilbod om stilling som ikkje er annonsert gjennom denne utlysinga 

 

Barnehagelærar 

 

 

Arbeidsoppgåver 

 

  • sikra eit inkluderande, inspirerande og utviklande leike- og læringsmiljø  

  • ansvar for planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av det pedagogiske arbeidet  

  • medverka til gode prosessar i det pedagogiske arbeidet  

  • fagleg leiing og drift av ei avdeling i barnehagen  

  • bidra til eit godt samarbeid med føresette  

  • ansvar for rettleiing og tilrettelegging for fagarbeidarar, assistentar og lærlingar  

 

Kvalifikasjonar 

  • godkjend barnehagelærarutdanning, ev. anna høgskuleutdanning som gjev barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse  

  • gjerne erfaring frå barnehage  

  • ynskjeleg med vidareutdanning/fordjuping i spesialpedagogikk og rettleiing i nokon av stillingane  

  • gjerne arbeidserfaring frå barnehage  

  • beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg  

  •  menn vert oppmoda om å søkje  

 

Personlege eigenskapar 

  • positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar 

  • fagleg engasjert, tek initiativ og ansvar  

  • evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa og med føresette  

  • likar å arbeida i lag med andre  

  • taklar høgt tempo i kvardagen • fyrstehjelpskompetanse • godt humør 

 

 

Fagarbeidar/assistent 

 

Arbeidsoppgåver: 

  • medverka til å skapa eit inkluderande og utviklande leike- og læringsmiljø 

  • leggja til rette for og gjennomføra aktuelle dagsplanar og vera der for barna 

  • bidra til barna si utvikling og leik både inne og ute 

  • samarbeida med kollegaene og med føresette 

  • hjelpa til med praktiske oppgåver som påkledning, rydding m.m. 

 

 

 

Kvalifikasjonar: 

  • godkjend relevant utdanning, t.d. barne- og ungdomsarbeidar 

  • erfaring med barn og unge 

  • beherskar norsk godt, både skriftleg og munnleg 

  • du kan søkje om du ikkje har godkjend relevant utdanning, men har relevant praksis/erfaring 

 

Personlege eigenskapar: 

  • positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar 

  • fysisk aktiv og leiken 

  • ei føremon med interesse og erfaring innanfor friluftsliv, musikk, IKT, kunst & kreativitet 

  • fyrstehjelpskompetanse 

  • engasjert i borna, tek initiativ og ansvar 

  • evnar å skapa gode relasjonar i barnegruppa og med føresette 

  • likar å arbeida i lag med andre 

  • taklar høgt tempo i kvardagen 

  • godt humør 

 

Me tilbyr 

  • ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. 

  • gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • gode velferdsordningar 

  • oppfølging/rettleiing for nyutdanna pedagogar og nytilsettsamling for alle nytilsette i barnehage 

 

Andre opplysningar 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Politiattest må leggast fram før tilsetjing 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 

 

Bli betre kjend med Sogndal kommune her: www.sogndal.kommune.no   

Kva skjer? (innocode.no)  

 

Kontaktinformasjon for stillingane: 

 

- Kjørnes barnehage: 

Mette Johannessen, styrar 

E-post: mette.johannessen@sogndal.kommune.no  

Tlf: 90 63 77 18 

 

- Henjahaugane barnehage: 

Sylvi Aarland, styrar 

E-post: sylvi.aarland@sogndal.kommune.no  

Tlf: 97 97 49 17 

 

- Nybø barnehage: 

Ingebjørg Breisnes, styrar 

E-post: ingebjorg,breisnes@sogndal.kommune.no  

Tlf: 91 79 06 52 

 

- Kvernhushaugen barnehage: 

Merete Lefdal, styrar 

E-post: merete.lefdal@sogndal.kommune.no  

Tlf: 47 01 02 83 

 

 - Furuli barnehage

Heidi Solvoll Navarsete, styrar

E-post: heidi.solvoll.navarsete@sogndal.kommune.no 

Tlf: 95 15 21 06

 

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
7
Sted
Dalavegen 2, 6856 Sogndal
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Pedagogisk leder, Annet
FINN-kode
345160118
Sist endret
08. apr. 2024 08:26