Sjukepleiarar 

Arbeidsgiver
Heimetenesta, Stad kommune
Stillingstittel
Sjukepleiarar i Heimetenesta
Frist
08.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Har du interesse for innovativ heimebasert omsorg? Er du sjukepleiar? Vil du vere med og forme framtidas heimeteneste? Vi søkjer etter akkurat deg!

Heimetenesta har ledig to faste stillingar som offentleg godkjend sjukepleiar i tredelt turnus for snarleg tilsetjing. Stillingane er i hovudsak 100% men ønske om anna stillingsprosent kan vurderast.

Vi treng nye sjukepleiarkollegaer i heimetenesta Nordfjordeid.

Heimetenesta er ei av dei største einingane i Stad kommune og gir tenester til heimebuande i
heile kommunen. Vi gir mellom anna praktisk bistand, heimesjukepleie og
lindrande behandling. Som tilsett vil du arbeide tverrfagleg saman med andre
tenester for å gi eit best mogleg fagleg tilbod.

Sjukepleiar i heimetenesta har ansvarsfulle faglege oppgåver, du vil kunne
utvikle deg og få påverke. Vi søkjer deg som er innovativ, jobbar for
kontinuerleg forbetring, og som kan bidra med nye idear og perspektiv i
tenesteutviklinga.

Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. Vi ønskjer akkurat deg
med på laget! Dersom du vil jobbe på tvers av våre einingar og/eller
avdelingar, vil vi prøve å legge til rette for deg!

Er du i sluttfasen av sjukepleiestudiet? Start gjerne di utvikling som sjukepleiar hos
oss! Bli sjølvstendig og få god erfaring i sjukepleiefaget. Vi har ei brei brukargruppe med ulike behov!



Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefaglege oppgåver, omsorg og medisinsk behandling
  • Kartlegging og vurdering av behov for brukarar
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
  • Rettleie studentar, lærlingar og kollegaer
  • Tverrfagleg samarbeid med anna fagpersonell

Kvalifikasjonar

  • Offentleg godkjend/ autorisert sjukepleiar
  • Er du i sluttfase av sjukepleiarstudiet oppfodrar vi deg til å søkje!
  • Gjerne relevant vidareutdanning og kurs
  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

  • Du jobbar for eit kontinuerleg godt og utviklande arbeidsmiljø
  • Du likar utfordrande arbeidsoppgåver og varierte arbeidsdagar
  • Du er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Du tek initiativ og ansvar
  • Du kan arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre

For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre brukarar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilete og anbefalte behandlingsmetodar.

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Kompetansetillegg (inntil kr. 28 000)
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet i forhold til å planlegge arbeidstid
  • NSF sine medlemmar har rullerande turnus i Stad kommune
  • Høve til å inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsarbeidsplan eller hjelpeturnusperiodar mot ekstra kompensasjon
  • Høve til å inngå individuell avtale om frie timar i turnus
  • Tilbod om flyttegodtgjersle dersom du vil flytte til kommunen vår
  • Høve til fagleg utvikling og tilrettelegging for vidareutdanning på område som kommunen har behov for

Vi ber om at attestar, vitnemål og relevante referansar vert lagt ved søknaden.

Stad kommune har seks månader prøvetid. Poitiattest skal leggast fram før start i stillinga. Aktuelle søkjarar må ha førarkort.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

Ring oss gjerne for ein prat, så fortel vi meir!

Kontaktinformasjon

Tove-Lill Hjertenes, Avdelingsleiar heimetenesta Nordfjordeid, 92 68 05 87

Anne Dybedal Berteig, Avdelingsleiar heimetenesta Nordfjordeid, 989 00 561

Ingrid Hjelmeland, Assisterande einingsleiar heimetenesta, 97530265

Arbeidsstad

Fossevegen 10

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune



Referansenr.: 4788985127

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 08.05.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Fossevegen 10, 6770 Nordfjordeid
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
345159576
Sist endret
15. apr. 2024 09:22