Inaktiv

Likar du å jobbe med barn?

Arbeidsgiver
Suldal kommune Stølane barnehage
Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Frist
08.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Om tenestestaden

Stølane barnehage ligg i Stølane byggefelt i Erfjord. Me ligg vakkert til med skog og sjø nær til barnehagen. Me har fokus på å bygga gode relasjonar til barn/vaksne og å sjå alle og kva dei treng.

For barnehageåret 2024/2025 har me ledig vikariat som pedagogisk leiar.

Om stillinga

  • Stillingsstorleik: 100%
  • Stillingstype: Vikariat
  • Stilling ledig frå: 13.08.2024 t.o.m. 12.08.2025

 Arbeidsoppgåver: 

  • Leiing og organisering på avdelingsnivå, i samsvar med mål og strategiar.
  • Møtedeltaking.
  • Ansvar for utvikling av barnehagen, fagleg og kvalitativt.
  • Rettleiing av det pedagogiske personalet på avdelinga.
  • Samarbeid med ulike instansar.
  • Ansvar for vurdering og dokumentering.

Kvalifikasjonar
Er du utdanna som barnehagelærar/føreskulelærar eller annan treårig pedagogisk høgskuleutdannig med vidareutdanning innan barnehagepedagogikk.

Me søkjer deg som er: 

  • Deg - men gir plass til andre slik at dei blir seg.
  • Oppteken av å søkje kunnskap i lag med barn.
  • Bidreg til eit positivt leike- og læringsmiljø.
  • Har ein ekte motivasjon for å arbeide med barn.
  • Tilstadeverande og fagleg interessert.

I tillegg ønskjer me at du har:

  • Eit positivt menneskesyn.
  • Evne til å gi barn omsorg og trygge relasjonar.
  • Evne til å inspirera og motivera kollegane dine.
  • Evne til å jobba målretta og likar å sjå resultat av jobben din.
  • Erfaring frå arbeid i barnehage.
  • Gode norskunnskapar.

Hos oss i Suldal kommune får du 

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Engasjerte og dyktige kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Bedriftshelseteneste
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
  • Nynorsk som administrasjonsspråk

 Andre opplysningar: 

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
  • Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste

Slik søkjer du 

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju. Treng du hjelp, kan du venda deg til Servicetorget på tlf 52 79 22 00

 

Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Stølane 33, 4233 Erfjord
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehagelærer
FINN-kode
345151518
Sist endret
22. mars 2024 08:40