Inaktiv

Lærar

Arbeidsgiver
Skodje barneskule
Stillingstittel
Lærar
Frist
07.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Lærar/kontaktlærar

Inntil 100 % fast stilling som lærar/kontaktlærar ledig frå 1. august 2024 på Skodje barneskule. 

Skodje barneskule er ein barneskule med ca. 250 elevar. Vi har omtrent 100 barn i SFO. Skulen har ei unik plassering som ligg tett inn mot store friareal som kan brukast til både organiserte læringsaktiviteter og frileik. Ungdomsskulen, kulturhus, idrettsanlegg og barnehage er våre næraste naboar, forutan nærleik til skog og natur.

Vi har eit positivt og godt arbeidsmiljø med eit engasjert og utviklingsorientert kollegium, med brei og allsidig utdanning og praksis. Jobben som lærar / kontaktlærar er både utviklande og utfordrande



Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i ulike fag på 1.-7. trinn
  • Kontaktlærar
  • Delta og forplikte seg i pedagogisk utviklingsarbeid i trinnsamarbeid og kollegiet generelt.
  • Planlegge, gjennomføre og evaluere læringsarbeidet saman med kollegaer
  • Klasseleiing, heim/skule-samarbeid og samarbeid med eksterne instansar.

Kvalifikasjonar

  • Grunnskulelærarutdanning 1.-7. er ønskeleg
  • Alternativt grunnskulelærarutdanning 5.-10.
  • Fagkompetanse i norsk, matematikk og engelsk i grunnskolelærarutdanninga vektleggast.
  • Ønske om utdanning, eller erfaring frå svømmeopplæring.
  • Ønske om musikkfagleg kompetanse.
  • Ønske om utdanning i spesialundervisning. 

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer engasjerte og bidragsytande lærarar som likar å jobbe i team, som er strukturert, pliktoppfyllande og fagleg kompetent.
  • Du er initiativrik og sjølvstendig i ditt arbeid.
  • Søkjarar som er personleg eigna blir vektlagt ved tilsetting.
  • Du er utviklingsorientert.

Vi tilbyr

  • Eit positivt, inkluderande og utviklingsorientert fellesskap.
  • Systematisk utviklingsarbeid i samarbeid med kollegaer og leiing.
  • Ein skule som kan nytte dei flotte områda i skulens nærleik som alternative læringsarenaer.
  • Eit arbeidsmiljø som er prega av godt samarbeid, samhald og engasjement.

Kontaktinformasjon

Arild Skistad, Rektor, 478 97 914, arild.skistad@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Stadionvegen 21

6260 Skodje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune



Referansenr.: 4785502321

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 07.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Stadionvegen 21, 6260 Skodje
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
345146730
Sist endret
22. mars 2024 07:15