Inaktiv

Fagarbeidar

Arbeidsgiver
Skodje barneskule
Stillingstittel
Fagarbeidar
Frist
07.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vikar helsefagarbeidar / borne- og ungdomsarbeidar.

Skodje barneskole har ledig 80 % stilling i skule og SFO som helsefagarbeidar/barne- og ungdomsarbeidar skuleåret 2024/2025.
Stillingane vil være dels i skule og dels i SFO. Stillinga inneber å hjelpa lærar og anne personell ved skulen, både i høve til læringsmiljøet i klassa, men ofte knytt opp mot einskilde elever eller elevgrupper. Denne stillinga planleggar vi har eit særskilt ansvar knytt opp mot ein einskilt elev, i samarbeid med andre.

Skodje barneskule er ein barneskule med ca. 250 elevar. Vi har omtrent 100 barn i SFO. Skulen har ei unik plassering som ligg tett inn mot store friareal som kan brukast til både organiserte læringsaktiviteter og frileik. Ungdomsskulen, kulturhus, idrettsanlegg og barnehage er våre næraste naboar, forutan nærleik til skog og natur.

Vi har eit positivt og godt arbeidsmiljø med eit engasjert og utviklingsorientert kollegium, med brei og allsidig utdanning og praksis. Jobben som fagarbeidar er både utviklande og utfordrande



Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av enkeltelevar og grupper. 
  • Planlegging av elevaktivitet og oppfølging av denne.
  • Gjennomføre sosialpedagogiske opplegg i samarbeid med spesialpedagog og miljøterapeut. 
  • Leksehjelp
  • Oppfølging av elev-/ar med særskilte behov.

Kvalifikasjonar

  • Helsefag- / barne- og ungdomsarbeidar.
  • Beherske norsk flytande munnleg og skriftleg.
  • Fagleg oppdatert med brei og variert kompetanse.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. 
  • Den som vert tilsett vil måtte framlegga tilfredsstillande politi- og tuberkulinattest.

Personlege eigenskapar

  • Trygg og god vaksen.
  • Fleksibel og tolmodig i hektiske og uoversiktlege situasjonar. 
  • Open i møte med barn, foreldre og kollegaer. 
  • Lærevillig og nysgjerrig på nye ting.
  • Sjølvstendig og initiativrik i eige arbeid.

Vi tilbyr

  • Ein givande arbeidsdag med mykje fart og moro. 
  • Eit oversiktleg miljø med gode kollegaer. 
  • Tilsetting i IA - bedrift.

Kontaktinformasjon

Arild Skistad, Rektor, 478 97 914, arild.skistad@alesund.kommune.no

Arbeidsstad

Stadionvegen 21

6260 Skodje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ålesund kommune



Referansenr.: 4785499931

Stillingsprosent: 80%

Vikar

Startdato: 01.08.2024

Sluttdato: 31.07.2025

Søknadsfrist: 07.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Stadionvegen 21, 6260 Skodje
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
345146519
Sist endret
22. mars 2024 07:15