Inaktiv

Barne- og ungdomsarbeider

Arbeidsgiver
Klepp kommune, Bore Skule
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeider
Frist
28.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Bore skule har ledig ein fast stilling i 50 % på SFO

Vi ønsker søkere med fagbrev i barne- og ungdomsarbeid, annan relevant utdanning eller lang erfaring med barn.

Bore skule ligg i Verdalen, med utsikt over Jærlandskapet og ut til Feistein fyr og havet.
Skulen ligg godt plassert i forhold til nærområder kor ein kan ha uteskule, og har alle fasilitetar på skuleområdet; deriblant basseng, idrettshall, gymsal, fotballbane, skaparverkstad, kantine og aula.

Det er godt kollektiv- tilbod til skulen med buss både frå Klepp stasjon og Bryne.

Bore skule arbeider for eit trygt og godt skulemiljø for alle barna, dei vaksne på SFO jobber etter Marte Meo prinsippa.
Bore skule SFO har baseleiarar og alle som jobber på sfo har møte i arbeidstida der dei planlegg aktivitetane og oganiserina for ein gitt periode
Bore skule vil frå hausten vere ein 1.-7. skule igjen og det vil vera ca 150 barn på SFO.

Stillinga er ledig frå nå, men ein kan og gjere avtale om oppstart 01.08.24



Arbeidsoppgåver

  • delta i alle praktiske og daglege oppgåver
  • rettleie og delta aktivt i barna sin leik og aktivitet, både inne og ute
  • følgje opp orden, rutiner og felles planer
  • samarbeide med kollega på din base for at SFO skal vera ein god stad å vera for barna
  • samarbeida godt og bidra i planlegginga og gjennomføringa av aktivitetane
  • støtte barn med særskilte behov ved i sosialt samspel og i leiken

Kvalifikasjonar

  • barne- og ungdsomsarbeidar med fagbrev eller annen relevant utdanning
  • søkere med lang erfaring fra SFO (skule og barnehage)
  • kompetanse og erfaring innan arbeid med barn
  • personlege eigenskapar vil bli vektlagt
  • dersom du har anna morsmål enn norsk, må du dokumentere at du har språknivå tilsvarande B1
  • dei som får tilbod om stillinga må leggje fram politiattest

Attestar og vitnemål

Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksom på at dokumentasjon på blant annet avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller syke også kan gi uttelling på lønnsansiennitet.

Personlege eigenskapar

Vi søker personar som

  • har interesse for og ønske om å arbeide for barna sitt beste
  • er robuste, som kan arbeide sjølvstendig og tek ansvar
  • er fleksibel og må kunne takle raske endringar i kvardagen
  • er gode på samarbeid og relasjonelt samspel
  • trygge, tydelege, rause og varme
  • er engasjert, lærevillige, løysningsorientert, fleksibel og har god/høg arbeidskapasitet
  • involverer seg i barna, som kan vera aktive saman med elevane i leik både ute og inne

Vi tilbyr

  • me har eit godt arbeidsmiljø
  • ein SFO i utvikling, der vi jobber aktiv ny rammeplan for SFO
  • kursring i Marte Meo praktiker
  • varierte arbeidsoppgåver, engasjerte medarbeidarar og eit mangfald av flotte elevar

Klepp kommune har ulike velferdsordningar og gode pensjon- og forsikringsordningar. Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar.

Kontaktinformasjon

Åse Opsahl Egge, Fagleiar, +47 97536995

Arbeidsstad

Verdalsvegen 31

4351 Verdalen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune



Referansenr.: 4788519667

Stillingsprosent: 50%

Fast

Søknadsfrist: 28.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Verdalsvegen 31, 4351 Kleppe
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehageassistent, Annet
FINN-kode
345146039
Sist endret
13. mai 2024 07:11