Inaktiv

Konsulent/seniorkonsulent

Arbeidsgiver
Bergen akuttsenter, avd. Toppe
Stillingstittel
Konsulent/seniorkonsulent
Frist
04.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Bergen akuttsenter søkjer etter konsulent/seniorkonsulent til fast 100 % stilling. Stillinga vert primært knytt til avdeling Toppe, senteret sin avdeling for tvangsplassering etter barnevernlova § 4-4. Arbeid på akuttsenteret sine andre avdelingar kan og forekomme ved behov.

Bergen akuttsenter ivaretek akuttfunksjonen for ungdom 13-18 år i Vestland.



Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåver vil primært vere retta mot administrative oppgåver. 
  • Ein må pårekne arbeid i miljøet i avdelinga ved behov.
  • Arbeid med turnus.
  • Du skal bistå avdelingsleiar med dagleg bemanning på avdelinga.
  • Planlegge ferieturnus.
  • Attestere og kontere faktura.
  • Varebestilling til avdelinga.

Kvalifikasjonar

  • For tilsetjing i stillingskode 1065 konsulent vert det kravd treårig videregåande utdanning, eventuelt fagutdanning.
  • For tilsetjing i stillingskode 1408 førstekonsulent vert det kravd fullført utdanning frå høgskule/universitet, minimum bachelorgrad eller 180 studiepoeng innan relevante fagområder, eller 2-årig høgskulekandidatutdanning.
  • For tilsetjing i stillingskode 1063 seniorkonsulent vert det kravd lang relevant erfaring.
  • Kunnskap om turnus.
  • Brei erfaring med administrative oppgåver.
  • Relevant erfaring med arbeid med born og unge i institusjon jf. målgruppe.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Sertifikat kl. B.
  • Politiattest etter formål må bli framvist.

Det er ønskjeleg med kjennskap til:

  • Barns rettigheitar i institusjon
  • Traumebevisst omsorg.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Er fleksibel, løysingsfokusert og ansvarsfull.
  • Har evne til å jobbe sjølvstendig i eit høgt tempo.
  • Liker nøyaktigheitsarbeid.

Personleg eignaheit vil bli særleg vektlagd.

Vi tilbyr

Hos oss får du jobbe i eit hektisk og dynamisk miljø saman med erfarne, positive og engasjerte kolleger med høg fagkompetanse. Me har eit godt arbeidsmiljø og god takhøgde, og me gler oss til å få fleire med på laget som kan bidra med nye idear og eigenskapar

  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1065 konsulent, p.t fra kr. 495 200,-  til 532 200,- (ltr. 49-54), 1408 førstekonsulent, p.t fra kr 502 300,- til 575 400,- (ltr. 50-59), 1363 seniorkonsulent, p.t fra kr 502 300,- til 575 400,- (ltr. 50-59).
  • Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tjenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Dessutan kan vi tilby:

  • Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
  • Du får vere med på å løfte oss slik at me kan gje barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner me at har ein stor verdi i seg sjølv. 

Opplysningar til deg som søkjer

  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Bergen akuttsenter, avd. Toppe.
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Thore Ingebrigtsen, Avdelingsleiar, 46615876

Arbeidssted

Skinflorbakkane 12

5136 Mjølkeråen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat



Referansenr.: 4780251194

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 04.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Skinflorbakkane 12, 5136 Mjølkeråen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sosionom
FINN-kode
345068406
Sist endret
21. mars 2024 02:06