Inaktiv

Økonomisjef

Arbeidsgiver
Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
Stillingstittel
Økonomisjef
Frist
29.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du vår nye økonomisjef ?

Du vil få ei sentral rolle med store moglegheiter til påverknad i den vidare utviklinga av organisasjonen og tenesteproduksjonen. Som økonomisjef vil du bli ein del av kommunedirektøren si leiargruppe.


Skjåk kommune har eit solid økonomisk fundament. Store og spennande oppgåver ventar, og som økonomisjef vil du få eit overordna ansvar for økonomiske spørsmål. Du vil få ei nøkkelrolle i arbeidet med analyser som grunnlag for gode avgjerder. Til stillinga ligg ansvar for planlegging, utvikling og styring av tenesta økonomi og løn. Stillinga inneber økonomi-, personal- og fagansvar.


Det er ein fordel om du har kjennskap til økonomisystem knytt til kommunesektoren. Å bidra til samhandling på tvers av kommunen sine tenesteområde vil vere ein viktig del av arbeidet.


Ansvarsområde og hovudoppgåver


  • Overordna fagansvar for økonomistyring, løn, finans, innkjøp, rekneskap og KOSTRA.
  • Pådrivar i arbeidet med digital transformasjon.
  • Planlegging og gjennomføring av budsjettprosess i samarbeid med leiargruppa.
  • Økonomirapportering og oppfylging.
  • Årsavslutning og årsrekneskap.
  • Kvalitetssikring av økonomi- og rekneskapsprosedyre.
  • Rettleiing og støtte til leiinga i kommunen.

Det kan bli endringar i ansvarsområde og hovudoppgåver grunna endringar i krav og behov.


Kvalifikasjonar


  • Relevant utdanning på høgskule- eller universitetsnivå, samt erfaring frå eitt eller fleire av fagområda. Utdanning som siviløkonom er ein fordel.
  • Leiarutdanning og leiarerfaring er ynskjeleg, helst frå offentleg sektor og gjerne frå strategisk toppleiarnivå.
  • Dokumenterte resultat frå tidlegare leiarstillingar er ynskjeleg.

Vi ønskjer ein økonomisjef som


  • er strukturert og analytisk.
  • er trygg, tydeleg og synleg.
  • bidreg til samhandling på tvers av kommunen sine tenesteområde.
  • kommuniserer tydelege forventningar og attendemeldingar på ein respektfull måte.
  • legg til rette for læring og utvikling med vekt på meistring.
  • bidreg i endringsprosessar og er oppteken av digital transformasjon.
  • held seg fagleg oppdatert.
  • har kjennskap til og god forståing for samspel mellom politikk, administrasjon og fag i kommunesektoren.
  • har god norsk skriftleg og munnleg formidlingsevne.

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.


Det er ynskjeleg at du har minimum to referansar.


Vi tilbyr


  • Ei spennande og krevjande toppleiarstilling.
  • Ein dynamisk organisasjon med kompetente medarbeidarar.
  • Tilsetting på kommunale vilkår med konkurransedyktig løn.
  • God pensjonsordning.

Ynskjer du å bu og jobbe i ei fjellbygd med gode arbeidsplassar og fritidsmoglegheiter?Nå kan du prøvebu i Skjåk. Skjåk kommune har bustadar som ein kan leige/prøvebu i. Gå inn på lenka for meir informasjon om å leige og prøvebu i Skjåk.


Spørsmål om stillinga kan rettast til kommunedirektør Ivar Bø, mobil 91817696. Du kan og ta kontakt med vår rådgjevar og samarbeidspartnar hjå Headvisor rekruttering for ei fortruleg samtale, Per Jorem, mobil 40021560.


Søknadsfrist 29. april 2024


  • Elektronisk søknadsskjema
  • Søkjarlista vil bli offentleggjort. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dette inneber at du som søkjar må grunngje særskilt om du ønskjer unntak frå offentlegheit.

Kommunedirektøren

Sektor
Offentlig
Sted
Moavegen 30, 2690 Skjåk
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap, Ledelse, Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering
FINN-kode
345066863
Sist endret
11. apr. 2024 12:24