Sokneprest i Åsane prosti med Arna sokn som tenestestad

Arbeidsgiver
Den norske kyrkja, Bjørgvin bispedøme
Stillingstittel
Sokneprest i Åsane prosti med Arna sokn som tenestestad
Frist
14.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du bli med på laget i ein spennande og aktiv kyrkjelyd med god oppslutning om gudstenestene, faste gudstenestegrupper som deltek i førebuing og gjennomføring, inkluderande møtestader, mange frivillige og eit kyrkjemusikalsk arbeid av høg kvalitet og stor breidde?

Då må du søke den ledige stillinga som sokneprest i Arna. Kyrkjelyden ligg i Arna bydel, åtte minutt med tog frå Bergen sentrum og er blitt lagt merke til landet rundt gjennom gudstenestene på NRK hausten 2023.

Folketalet i soknet er rundt 11.000, 7.500 av dei er medlemmer av Den norske kyrkja. Kyrkjelyden har ein klår folkekyrkjeprofil. Den er synleg i nærmiljøet og samarbeidet godt med lag og organisasjonar.

Staben består av sokneprest, kapellan, to kateketar, kantor, ungdomsdiakon, kyrkjetenar, styrar i open barnehage og dagleg leiar. Kyrkjelydshuset inneheld tenlege kontorplassar for dei tilsette. Soknepresten er fast medlem av soknerådet.

Arna kyrkje er ei lys og vakker steinkyrkje frå 1865 som ligg sentralt plassert like ved handlesenter og togstasjon. Like ved kyrkja ligg Arna kyrkjelydshus, med gode lokale for eit breitt spekter av tiltak for ulike aldersgrupper. Her inviterer vi mellom anna til babysong, open barnehage,  ungdomsklubb, temakveldar, seniorsenter og klubb for funksjonshemma. Det er og familiekor, kyrkjekor og prosjektkor.

Soknet er ein del av Åsane prosti som består av sokna Arna, Biskopshavn, Eidsvåg, Salhus, Ytre Arna, Åsane og Osterøy. Dessutan er to fengselsprestar knytt til prostifellesskapet, som totalt er 17 prestar. Etter nærare avtale med prosten samarbeider prestane i Arna, Ytre Arna og på Osterøy om ein del tenester.

Les meir om Arna sokn her: https://kyrkja.no/arna.

Skrift- og liturgispråk i Arna er nynorsk.

Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unnatak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.

Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.

Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter. 



Arbeidsoppgåver

  • strategisk og åndeleg leiing og utvikling av Arna kyrkjelyd i samvirke med sokneråd og stab
  • bevare og vidareutvikle det blomstrande gudstenestelivet i kyrkjelyden
  • kyrkjelege handlingar og gudstenester etter oppsett plan
  • bidra innan diakonalt arbeid, som opne verestader og institusjonsbesøk
  • noko deltaking i konfirmantarbeid og anna trusopplæring, samt samarbeid med skule og barnehage
  • beredskap etter gjeldande ordning i Den norske kyrkja

Kvalifikasjonar

  • Cand.theol. med praktikum eller tilsvarande / master i teologi og praktikum
  • Medlemskap i Den norske kyrkja
  • Kjennskap til metodar innan strategisk kyrkjelydsbygging er ein føremon

Personlege eigenskapar

  • engasjement for å bygge kyrkjelyd
  • gode evner innan formidling og relasjonsbygging
  • evne til å tenke heilskapleg og kommunisere med breidda i folkekyrkja
  • evne og vilje til å bidra til gode samarbeidstilhøve, trivsel og engasjement i staben
  • evne til å motivere og utvikle uløna medarbeidarar
  • evne til å jobbe med digitale fagprogram og bidra til god arbeidsflyt
  • Søkjar må og kunne samarbeide liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje.

Vi tilbyr

  • Eit trygt, godt og støttande arbeidsmiljø
  • Stillingskode 1555 etter KA sitt tariffområde
  • Pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse
  • Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
  • Til løna kjem særskilde regulativmessige godtgjersler
  • Arbeidsvegleiing (ABV)

Kontaktinformasjon

Leif Endre Grutle, Prost i Åsane, 97629150

Therese Nesse Mokkelbost, HR-sjef i Bjørgvin bispedøme, 93612276

Arbeidsstad



 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Den norske kirke



Referansenr.: 4787890662

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 14.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
5261 Indre Arna
Stillingsfunksjon
Annet, Ledelse, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
345061575
Sist endret
21. mars 2024 12:00