Sokneprest i Hardanger og Voss prosti, Øystese og Ålvik sokn

Arbeidsgiver
Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme
Stillingstittel
Sokneprest i Hardanger og Voss prosti, Øystese og Ålvik sokn
Frist
14.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Velkomen som prest i fagre Hardanger!

Vi har ledig stilling som sokneprest i Hardanger og Voss prosti, med sokna Øystese og Ålvik som tenestestad. Kvam herad famner om eit vakkert landskap frå Hardangerfjorden til Kvamskogen. Heradet har om lag 8500 innbyggjarar, og 80% er medlemer. Informasjon om geografi, kultur, næringsliv og heradet i det heile finn ein på  https://www.kvam.no/velkomen-til-kvam/.

Heradet har dei fire sokna Strandebarm, Vikøy, Øystese og Ålvik, alle med kvar sin kyrkje. Sokna samarbeider mellom anna gjennom fellesrådet og jamlege fellessamlingar.

Øystese sokn har per i dag 2.237 medlemmer. Øystese kyrkje er ei langkyrkje frå 1868 og har fem hundre sitjeplassar. Øystese sokn har sterke tradisjonar knytt til ytre- og indremisjon. Her er eit aktivt bedehusmiljø med eit variert barne- og ungdomsarbeid. Det er god oppslutnad om gudstenestene, trusopplæringa og kyrkjelege handlingar.

Ålvik sokn har 480 medlemmer. Ålvik kyrkje er ei langkyrkje frå 1962. Her er det og god oppslutnad om trusopplæringa og kyrkjelege handlingar. I 1905 starta metallindustribedriften Bjølvefossen A/S opp og vart hjørnesteinsbedrift for bygda.

I Kvam kyrkjelege fellesrådsområde er det to sokneprestar, kyrkjeverje, to kyrkjemusikarar, kateket, kyrkjelydspedagog, konfirmantmedarbeidar, sakshandsamar og kyrkjegardsarbeidarar. Det er ønskt å få diakonstilling. Dei tilsette har kontor i Norheimsund kyrkje. Soknepresten i Samnanger er involvert i tenesteveketurnusen.
Dei to sokneprestane i Kvam samarbeider om tenestene i fellesrådsområdet etter halvårige planar med gudstenester og tenesteveker, men har tyngda av gudstenester i sine eigne sokn.  

Det er om lag 105 gudstenester, 75 gravferder, 25 vigslar, 75 konfirmantar og 60 dåp i året i Kvam. Sokneprestane sit i sine respektive sokneråd, og vekslar om å vere  geistleg representant i fellesrådet. Kateketen har hovudansvaret for konfirmantundervisninga, men prestane tek del i sine sokn. Også ansvaret for andakter på institusjonane følgjer soknegrensene, med Øysteseheimen og Mikkjelsflaten i Øystese og arbeidsstova på den såkalla Pensjonisten i Ålvik.

Soknepresten går inn i eit breitt samansett fagleg team og deltek i stabsmøte, arbeidsmøte og planleggingsmøte. Øystese sokn og Ålvik sokn har noko ulikt preg og profil, men er samde om at ein ønskjer å satse på gudstenesteliv, trusopplæring, diakoni, kyrkjemusikk og varierte kulturuttrykk. Sjå elles: www.kyrkja.no/kvam.

Prosten leier prestetenesta i prostiet. Prestane vert kalla inn til jamlege samlingar for fagleg påfyll, åndeleg fellesskap og sosialt samvære. Heile prostiet er beredskapsområde.

Målforma er nynorsk.

Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unnatak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.

Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.

Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter. 



Arbeidsoppgåver

  • gudstenester og kyrkjelege handlingar
  • konfirmantundervisning
  • trusopplæring
  • beredskap etter gjeldande ordning for Den norske kyrkja

Kvalifikasjonar

  • cand.theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi og praktikum
  • medlemskap i Den norske kyrkja

Personlege eigenskapar

  • evne og vilje til samarbeid
  • god gjennomføringsevne
  • evne til å motivere
  • Søkjar må og kunne samarbeide liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje

Vi tilbyr

  • stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
  • pensjonsinnskot i Statens pensjonskasse
  • reiseutgiftar godtgjort etter gjeldande regulativ
  • til løna kjem særskilte regulativmessige godtgjersler
  • arbeidsvegleiing (ABV)

Kontaktinformasjon

Arild Hellesøy, prost i Hardanger og Voss, 90699533

Therese Nesse Mokkelbost, HR-sjef i Bjørgvin bispedøme, 93612276

Arbeidsstad



 Kvam

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Den norske kirke



Referansenr.: 4787828042

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 14.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
2642 Kvam
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet
FINN-kode
345061017
Sist endret
21. mars 2024 01:42