Dirigent i musikklaget Fjellblom - 20 % fast stilling - 2.gongs lysing

Arbeidsgiver
Vang Kommune
Stillingstittel
Dirigent i musikklaget Fjellblom - 20 % fast stilling
Frist
14.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vang kommune har frå 01.08.2024 ledig stilling som dirigent for Fjellblom musikklag i 20 % stilling.

Fjellblom Musikklag er vaksenkorpset i Vang kommune, og består pt. av ca 20-25 musikantar. Korpset har brassbandbesetning og har sin faste øvingsdag onsdagar frå kl. 19.00 – 21.30 på Åsvang samfunnshus.

Fjellblom Musikklag er ein positiv og sosial gjeng, og er ein viktig aktør i kommunen sitt kulturliv. Gjennom året har korpset fleire konsertar og arrangement som dei deltek på/arrangera. Musikklaget søkjer no etter ein engasjert og dyktig korpsdirigent som kan løfte korpset vidare både musikalsk og sosialt.



Arbeidsoppgåver

DIRIGENT FJELLBLOM MUSIKKLAG i 20 % fast stilling.

Korpset har som mål:

  • Å skape god korpsmusikk
  • Å utvikle gleda ved samspel saman med andre
  • Å arbeide for musikalsk utvikling
  • Å skape eit inkluderande og godt sosialt miljø
  • Å vera eit godt kulturtilbod i lokalmiljøet

Me søkjer dirigent som kan leie arbeidet mot desse måla, og som også vil arbeide for rekruttering av nye medlemmer.

    Kvalifikasjonar

    • Ynskjeleg med relevant høgskuleutdanning
    • God realkompetanse kan kompensere for manglande formalutdanning
    • Gode norskkunnskapar

    Personlege eigenskapar

    • Me søkjer etter ein engasjert og inspirerande dirigent med gode samarbeidsevner
    • Personlig eignaheit vil bli vektlagt

    Vi tilbyr

    • Eit hyggeleg arbeidsmiljø saman med ein triveleg gjeng!
    • Løn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov – og avtaleverk
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar


    Nærare opplysningar om stillinga kan du få av leiar i Fjellblom musikklag: Jon Eggen tlf. 901 86 731

    Kontaktinformasjon

    Jon Eggen, leiar, Fjellblom musikklag, 901 86 731, eggenj@online.no

    Victoria Ose, Rektor kulturskule, 90503933

    Arbeidssted

    Tyinvegen 5161

    2975 Vang i Valdres

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Vang Kommune



    Referansenr.: 4786732895

    Stillingsprosent: 20%

    Fast

    Søknadsfrist: 14.05.2024


    Sektor
    Offentlig
    Sted
    Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres
    Stillingsfunksjon
    Ledelse, Annet, Kontor og administrasjon
    FINN-kode
    345058769
    Sist endret
    23. apr. 2024 11:20