Fastlegeheimel ved Ørsta helsesenter

Arbeidsgiver
Helse tildeling og koordinering
Stillingstittel
Fastlegeheimel ved Ørsta helsesenter
Frist
12.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

I Ørsta kommune er det ledig fastlegeheimel lokalisert ved Ørsta helsesenter. Heimelen har per i dag eit listetak på 500, men det er forventning til at dette vert auka.

Heimelen er ledig frå 01.07.2024.

Ørsta helsesenter er eit aksjedrive praksisfellesskap som har samarbeidsavtale med kommunen og der legane er næringsdrivande. Vi held til i nye, moderne lokale i Ørsta sentrum. Det er eit godt fagleg og sosialt miljø ved legesenteret, med fast møtestruktur for fagleg utvikling. Andre kommunale helsetenester er lokalisert i same bygg.

Legesenteret har 15 fastlegeheimlar og to stillingar for LIS 1. Det er mange erfarne legar på legesenteret som har jobba her lenge, noko som har gitt eit godt og stabilt miljø. Det same gjeld hjelpepersonellet. Alle legane er spesialistar i allmennmedisin, eller dei er i slik spesialisering. Dersom det er aktuelt for deg, vil du få tilbod om ALIS-avtale.

Tildeling og overdraging av heimelen skjer i samsvar med pkt. 5.5 og 5.6 i ASA 4310 - Rammeavtale mellom KS og Den norske legeforening om allmennlegepraksis i fast legeordningen i kommunene.

Vilkår for drift av praksisen går fram av sentrale lover, forskrifter og avtalar som regulerer fastlegeordninga.

 Dersom du er ALIS-lege, kan du få høve til å vere fastlønna i inntil to år før du går over på næringsdrift.

Per i dag er det ikkje knytt kommunale allmennlegeoppgåver til heimelen. Legesenteret har både LIS1- og ALIS-legar og du må rekne med å delta i rettleiing og supervisjon av desse. Du må også rekne med å kunne få andre oppgåver dersom kommunen ser behov for det.

Kommunen har eigne sjukeheims- og helsestasjonslegar, og vi har kommuneoverlege i 100 % stilling

Legevakt på dagtid (8.00-15.30) er organisert på legesenteret. Utanfor vanleg opningstid er legevakt lokalisert i nye, flotte lokale i Hovdebygda. Søre Sunnmøre legevakt er eit interkommunalt legevaktssamarbeid, der det alltid er sjukepleiar på jobb saman med legevaktslege. Legevakta har også eigen legevaktsbil med ambulansearbeidar, som gjer legevaktsarbeidet meir mobilt. På legevakt er legane fastløna. Det er mange legar som deler på vaktene, så vaktbelastninga er ikkje stor.




Arbeidsoppgåver

Fastlegeoppgåver i samsvar med lov- og avtaleverk.

Dette inkluderer

  • deltaking i legevakt i samsvar med fastlegeforskrifta
  • ved behov, kommunale allmennlegeoppgåver i samsvar med fastlegeforskrifta §12

Kvalifikasjonar

Du må

  • oppfylle krava i Forskrift om kompetansekrav for leger i den kommunale helse- og omsorgstjenesten
  • uttrykke deg godt på norsk, både munnleg og skriftleg
  • ha førarkort klasse B
  • legge fram politiattest av nyare dato før oppstart

Dersom du ikkje er spesialist i allmennmedisin vil du få tilbod om ALIS-avtale

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein lege som

  • er fagleg engasjert og ønsker å vere med på å utvikle fastlegetenesta i kommunen
  • samarbeider godt både internt og eksternt
  • ønsker å bidra i det kollegiale felleskapet på legekontoret
  • er opptatt av å skape gode pasientmøte
  • ser verdien av tverrfagleg samarbeid

Vi tilbyr

  • nye og trivelige lokalitetar
  • ALIS-avtale for deg som ikkje er spesialist i allmennmedisin
  • godt kollegialt fellesskap både fagleg og sosialt
  • ei god blanding av erfarne og nye fastlegar
  • ny og moderne legevakt på kveld, helg og natt
  • god avtale som næringsdrivande lege

Kontaktinformasjon

Runa Bakke, Tenesteleiar, 916 21 147, runa.bakke@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Dalevegen 28A

6153 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune



Referansenr.: 4780669658

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 12.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Dalevegen 28A, 6153 Ørsta
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Allmennmedisin
FINN-kode
345044159
Sist endret
21. mars 2024 10:05