Lærar

Arbeidsgiver
ARS - ÅRSTAD VGS, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Lærar
Frist
05.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med 5 yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen og studieførebuande løp og påbygg, samt innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen skal vere ein stad der alle elevar skal finne eit godt læringsmiljø.  Sjå meir informasjon om skulen på https://www.arstad.vgs.no/

Ein av våre medarbeidarar skal ha fødselspermisjon og vi har ledig vikariat i inntil 100% frå 01.08.2024 - 14.03.2025. 



Arbeidsoppgåver

  • Grunnskuleopplæring i kombinasjonsklasse for nyankomne elevar
  • Undervisning i norsk, samfunnskunnskap og eventuelt andre fag avhengig av kompetansen til den som vert tilsett

Kvalifikasjonar

  • Undervisningskompetanse i norsk som andrespråk, norsk og samfunnskunnskap
  • Pedagogisk utdanning

 

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til samarbeid og lagtenking - både internt og eksternt
  • Liker å utforske metodar som  skaper elevaktiv læring
  • Evne til å skape gode relasjonar til elevar, føresette og kollegar
  • Pedagogisk og fagleg nyfiken
  • Opptatt av å skape trygge og gode læringsmiljø og opptre som ein tydleg leiar i klasserommet
  • God profesjonsfagleg digital kompetanse

Vi tilbyr

  • Ein kreativ skule med stor variasjon innanfor utdanningsprogram 
  • Ein kultur prega av mangfald og engasjement
  • Eit spanande, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø, gode arbeidstilhøve og variert tverrfagleg samarbeid
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk

Kontaktinformasjon

Kari Danielsen, rektor                        , 99479832

Arbeidsstad



 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4787264891

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 01.08.2024

Sluttdato: 14.03.2025

Søknadsfrist: 05.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
5054 Bergen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
344946319
Sist endret
20. mars 2024 03:58