Inaktiv

Lærar i helse- og oppvekstfag

Arbeidsgiver
FIR - FIRDA VGS, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Lærar i helse- og oppvekstfag
Frist
07.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Firda vidaregåande skule ligg i kommunesenteret Sandane i Gloppen kommune, sentralt i Nordfjord, ved E39 og 10 km frå flyplass. Skulen har 342 elevplassar og om lag 60 tilsette. Store delar av skuleanlegget er nytt. Anlegget er svært godt tilpassa utdanningsprogramma våre: studiespesialiserande, idrett og musikk, dans, drama. Dei siste åra har skulen hatt ei sentral rolle i å utvikle gode opplæringstilbod for vaksne både gjennom Gloppen modellen og i samarbeid med nettskulen i Vestland fylkeskommune. 

Frå 01.08.2024 - 31.07.2025 har vi ledig inntil 100 % vikariat som lærar i helse- og oppvekstfag.



Arbeidsoppgåver

Firda vgs tilbyr fagopplæring for vaksne, både nettbasert og med fysisk frammøte. Stillinga er knytt til desse tilboda. Dei som skal undervise i faga må ha god digital kompetanse. Vi søkjer etter lærarar med god fagleg og pedagogisk kompetanse som set eleven i sentrum og har evne og lyst til å skape gode læringsarenaer for ungdomar og vaksne elevar. Vi ynskjer oss medarbeidarar som saman med resten av dei tilsette ved skulen kan vere med å skape eit profesjonsfellesskap som er prega av stoltheit, openheit og tryggleik. 

Kvalifikasjonar

Høgskule eller universitetsutdanning i aktuelle fag. PPU eller anna godkjent undervisningskompetanse og  gode didaktiske og pedagogiske ferdigheiter.

Personlege eigenskapar

Kan jobbe prosjektbasert og i team
God på relasjonsbygging og god evne til å kommunisere og vere i dialog
Arbeide sjølvstendig
Kreativ og løysningsorientert

Vi tilbyr

  • Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk 
  • Pensjons- og forsikringsordningar 
  • Godt fag- og arbeidsmiljø

Meir informasjon om skulen finn du på nettsida, www.firda.vgs.no. Det blir teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillingane. Det blir òg teke atterhald i forhold til endringar i stillingsplanarbeidet.
Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema. Ta med attestar og vitnemål til eit eventuelt intervju. Gje opp minst to referansar. Tilsetjinga vert gjort med prøvetid på 6 månader.
Den tilsette må legge fram politiattest av ny dato.
Søknadsfrist 07.04.24
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til avdelingsleiar Charlotte Østebø Nilsen, tlf 957 09 458 eller rektor Hallgeir Hansen, tlf 415 30 885.

 

Kontaktinformasjon

Charlotte Østebø Nilsen, avdelingsleiar, 95709458

Hallgeir Hansen, rektor                        , 41530885

Arbeidsstad

Firdavegen 21

6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4787911964

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 01.08.2024

Sluttdato: 31.07.2025

Søknadsfrist: 07.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Firdavegen 21, 6823 Sandane
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
344938763
Sist endret
20. mars 2024 03:31