Organist/ kyrkjemusikar
- Arbeidsgiver
- Høyanger Kyrkjelege fellesråd
- Stillingstittel
- Organist/ kyrkjemusikar
- Frist
- 10.05.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi har ledig inntil 100% stilling som organist / kyrkjemusikar i Høyanger:
Høyanger kommune med ca 4.000 innbyggjarar har eit variert næringsliv med kraftproduksjon, aluminiumsindustri, oppdrett, handel og service, entreprenørskap
og jordbruk som dei viktigaste næringane. Kommunen ligg i Vestland fylke nord for Bergen,
på begge sider av Sognefjorden. Reisetida frå Bergen er ca. 3 timar med bil eller båt.
Næraste flyplass er Førde lufthamn, ca. 45 minutt med bil frå Høyanger. Kommunesenteret er
Høyanger og andre bygdelag er Lavik, Vadheim, Kyrkjebø, Bjordal og Ortnevik. Kommunen
har i alt 6 barnehagar og 5 skular, 3 av dei har ungdomstrinn. Her er også ein vidaregåande skule.
Det er gudstenester og andre kyrkjeleg handlingar i 5 kyrkjer, eit bedehuskapell og 8
gravplassar i bruk i kommunen. Her er i alt 4 sokneråd og to prestestillingar.
Kyrkjekontoret ligg i Høyanger samfunnshus. Her har prest, diakon, organist,
kyrkjelydsarbeidar, sekretær og kyrkjeverje sin arbeidsfellesskap. I tillegg er det i sokna tilsett
kyrkjetenarar og klokkarar i ulike stillingsstorleikar. Totalt utgjer dei tilsette i fellesrådet 5,5
årsverk pr. i dag.
Kyrkja skal vere ein møteplass for alle, og ein viktig ressurs for å skape gode lokalsamfunn,
prega av nærleik, omsorg, identitet og kultur og ein stad der menneske kjenner at dei høyrer
til og vert utfordra til tru og teneste.
Arbeidsgjevar er Høyanger kyrkjelege fellesråd.
Vi søker no ein engasjert, strukturert og kreativ kollega som kan:
- Ta det faglege og musikalske ansvar ved gudstenester og seremoniar (gravferd, bisettingar og vigsler)
- Spele på andakter på sjukeheimar og ved andre arrangement i kyrkjelydane
- Vidareføre og utvikle tilbodet med kulturarrangement i kyrkja i samarbeid med stab,
frivillige og eksterne aktørar - Bidra til fornying av gudsteneste- og kyrkjelydsarbeid i samarbeid med prest, andre
tilsette, sokneråd og utval - Medverke på trusopplæringstiltak og kor-arbeid for barn og ungdom
- Ha eit godt samarbeid med lokale musikalske krefter og miljø
- Ha medansvar for tilsyn og vedlikehald av instrumenta i kyrkjene (orgel og piano)
- Ta ansvar for prosjektkor for vaksne, forsongargrupper
- Utarbeide kyrkjemusikalsk plan
Ynskja kvalifikasjonar:
- Relevant kyrkjemusikalsk utdanning og arbeidserfaring
- Allsidige orgel- og pianoferdigheiter, gjerne også andre instrument
- Kjennskap til norsk gudstenestetradisjon og liturgi
- Kompetanse og erfaring med kor og musikalsk arbeid for barn og unge
Personlege eigenskapar
- Gode evner til kommunikasjon og samarbeid
- Lagbyggar som skaper relasjonar - internt og eksternt
- Likar å arbeide målretta og systematisk
- Er fleksibel og møter utfordringar konstruktivt
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Tilsetjing og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar innan
KA sitt tariffområde - Pensjonsordning i KLP
Kontaktinformasjon
Sturla Bell Fossen, Leiar i fellesrådet, 994 94 745Andreas Ester, Sokneprest, 452 21 737
Stig Jonny Fitje, Kyrkjeverje, +47 91763803
Arbeidssted
Marcus Thranesgate 36993 HØYANGER
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Høyanger Kyrkjelege fellesrådReferansenr.: 4787815671
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.05.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Marcus Thranesgate 3, 6993 Høyanger
- Stillingsfunksjon
- Annet, Produksjon, Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 344926655
- Sist endret
- 21. mars 2024 12:45