Barne- og ungdomsarbeidar, 100% fast stilling

Arbeidsgiver
Gulen kommune
Stillingstittel
Dalsøyra barnehage og skule. Tilsetjing 100% fast barne- og ungdomsarbeidar frå 13.08.2024
Frist
20.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga 

Dalsøyra barnehage og skule, avd. barnehage har ledig 100% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar frå 13.08.2024.

Dalsøyra barnehage og skule består av 1-10- skule og to barnehagar, ein på Dalsøyra og ein i Hovden. Denne stillinga er i utgangspunktet knytt til Dalsøyra barnehage, men ved behov vil arbeid i Hovden barnehage også vere gjeldande. 


Barnehagane i Gulen har: 
  • Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar
  • Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
  • Godt arbeidsmiljø  
  • Tilbod om rettleiing
  • Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen

Arbeidsoppgåver for ein barne- og ungdomsarbeidar
  • Medverke til at barnehagen og skulen er ei god pedagogisk verksemd
  • Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med borna
  • Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaludering og vurdering i verksemda
  • Nokre av fagarbeidarstillingane i eininga er knytt til arbeid med enkeltborn

Kvalifikasjonar 
  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse. Søkjarar utan godkjent utdanning kan verte vurdert for mellombels tilsetjing dersom ein ikkje får kvalifiserte søkjarar. 
  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar 
  • Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
  • Er strukturert, men likevel kunne vere spontan i møtet med borna
  • Fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering 
  • Løn etter tariff 

Sektor
Offentlig
Sted
Dalsbygda 54, 5960 Dalsøyra
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder
FINN-kode
344924003
Sist endret
20. mars 2024 02:27