Inaktiv

Seksjonsleiar BUP Molde

Arbeidsgiver
Avdeling for psykisk helsevern for barn og unge, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Seksjonsleiar BUP Molde
Frist
10.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Lyst å jobbe saman med oss for ein bedre kvardag for barn og unge?
Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av Poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund (BUP) og ein døgnseksjon.

Vi søker etter seksjonsleiar for Poliklinikken i Molde (BUP). Oppstartdato 12.08.2024, eller etter nærare avtale med avdelingssjef.

Poliklinikken i Molde er ein av de mest tradisjonsrike poliklinikkane i Noreg.Seksjonen har eit stort, tverrfagleg samansett fagmiljø med høg kompetanse, som
gir differensierte polikliniske behandlingstilbod til barn, unge og familiane
deira, i 8 kommunar i Romsdal. Poliklinikken har høg
spesialistdekning, mange tilsette med kliniske utdanningar/ utdanning i
familieterapi og har også fleire tilsette med forskingskompetanse.
 

Personalgruppa vår er sett saman av personar frå ulike yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege geografisk organiserte team. I tillegg har vi eit småbarnsteam, eit akutt ambulant team og vi etablerer no eit nevroteam.  Vi har fleire spesialiserte behandlingstilbod og tilbyr mellom anna behandling på OCD etter 4-dagars-formatet, familiebasert behandling for spiseforstyrrelser (FBT), traumefokusert kognitiv atferdsterapi (TF-CBT) og psykoedukativt familiesamarbeid (PEF). Poliklinikken har utstrekt samarbeid med dei andre seksjonane i avdelinga.

Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med andre tenester for barn, både i kommunene og i andre delar av spesialisthelsetjenesta.Poliklinikken deltek i satsinga Barn og unges helseteneste, som er eit samarbeid mellom spesialisthelsetenesta og alle kommunane i Møre og Romsdal. Her jobbar vi saman for å sikre meir saumlause tenester til barn og unge.

Molde by ligg flott plassert, og er kjent for vakker natur, men også eit yrande kulturliv. Her er det moglegheiter for alle med sport og friluftsliv, sosialt samvær, kultur og god mat. Byen har flott skiarena med fine løyper og flotte slalomløyper med eit spektakulært skue over fjorden og Romsdalsalpane. Her er flotte og kortreiste turmoglegheiter i skog, mark og fjell både sommar og vinter. Her er òg ein stor, moderne klatre/buldrehall for interesserte i alle aldrar, symjehall, bowlinghall, kino, teater og gode spisestader for einkvar smak. Byen har eit aktivt sentrum med mange butikkar og eit nytt flott torg utstyrt med badstu, badebrygge og restaurantar. Ellers har byen eit rikt kulturliv der du mellom anna kan delta i ulike kor og korps. Årø flyplass ligg berre 15 min frå sentrum og har lett tilkomst med buss.
Les meir om Molde og Romsdalen her: https://www.visitnorway.no/reisemal/vestlandet/nordvest/molde/ 



Arbeidsoppgåver

  • Personalansvar for ei tverrfagleg samansett gruppe av tilsette
  • Økonomi og budsjettansvar for seksjonen
  • Ansvar for den faglege utviklinga i seksjonen
  • Ansvar for drift og god ressursutnytting i seksjonen
  • Andre delegerte oppgåver frå avdelingssjef
  • Leiaren skal vere ein del av leiargruppa i avdeling Psykisk helsevern for barn og unge
  • Noko reiseverksemd må påreknast

 

Kvalifikasjonar

  • Minst 3-årig relevant høgskuleutdanning
  • Legar/psykologar oppfordrast spesielt til å søkje
  • God kjennskap til fagfeltet
  • Ønskeleg med leiarerfaring og gjerne leiarutdanning
  • Ønskeleg med erfaring frå spesialisthelsetjenesta og/eller erfaring frå psykisk helsearbeid/helsevern for barn og ungdom eller anna relevant erfaring frå arbeid med tenester til barn og unge
  • Personlege eigenskapar som passar stillinga blir sterkt vektlagt ved tilsetting

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som

  • har gode evner til samarbeid og dialog
  • jobbar sjølvstendig samtidig som du trivst i eit team
  • er motivert for å bidra til fagutvikling og endring i organisasjonen
  • har evne til å skape engasjement, motivasjon og arbeidsglede for dine tilsette
  • har arbeidshelse til å stå i ein jobb som tidvis er krevjande
  • er strukturert og effektiv og prioriterer godt

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Deltaking i ei erfaren leiargruppe som støtter og motiverer kvarandre
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Jenny Irene Raftevold Lyngstad, Avdelingssjef, 41274620, jenny.raftevold.lyngstad@helse-mr.no

Arbeidsstad

Nøisomhedvegen 12

6416 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4786414599

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 12.08.2024

Søknadsfrist: 10.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Nøisomhedvegen 12, 6416 Molde
Stillingsfunksjon
Ledelse, Helsepersonell, Helsepersonell / Psykolog
FINN-kode
344913369
Sist endret
20. mars 2024 01:43