Ledig stilling

Arbeidsgiver
Lærdal kommune Borgund oppvekstsenter
Stillingstittel
Pedagogstilling ved Oppvekst Borgund
Frist
15.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling.
I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen.
Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv.
Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.

Oppvekst Borgund er eit oppvekstsenter med barnehage og skule (1-7). I barnehagen har me i overkant av 20 born. Barnehagen ligg i sentrum av Borgund, øvst i Lærdal kommune. For tida er barnehage og skule lokalisert i to ulike bygg, men arbeidet med nytt Oppvekstsenter er godt i gang, og vil vere ferdig i løpet av 2024.


Fylgjande stilling vert ledige frå august 2024

100 % engasjement som pedagogisk leiar for barnehageåret 24/25.

Krav til/ynskje om utdanning:

  • Godkjent utdanning som barnehagelærar

Personlege eigenskapar vert vektlagt:

  • God på relasjonar med born
  • Er fleksibel
  • God arbeidskapasitet
  • Har gode samarbeidsevner

Me kan tilby:

  • Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Pensjonsordning
  • Godt arbeidsmiljø

Den som vert tilsett må leggja fram politiattest etter krav i opplæringslova.

Søknadsprosedyre

Søknaden skal sendast elektronisk via Lærdal kommune sine heimesider: www.laerdal.kommune.no


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
344909246
Sist endret
22. apr. 2024 08:26