Inaktiv

Einingsleiar for tekniske tenester

Arbeidsgiver
Stranda kommune
Stillingstittel
Einingsleiar
Frist
16.05.2024

Beskrivelse

Det er ledig 100% fast stilling som einingsleiar for tekniske tenester frå 01.05.2024

Stranda kommune er organisert etter prinsippet om flat struktur (2-nivåmodellen) for tida med 15 driftseiningar og stab/støttefunksjon direkte underlagt kommunedirektør. Einingsleiar har eit sjølvstendig ansvar for fag, økonomi og personal.

Eininga er organisert i ulike fagområde og har om lag 25 medarbeidarar inne og ute.
Stranda kommune er ein nynorskkommune og den som vert tilsett må skrive nynorsk i sakshandsaming og skriftleg kommunikasjon.

Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. Offentleglova § 25.



Arbeidsoppgåver

  • Dagleg drift av eininga i samsvar med lovverk og kommunale vedtak, herunder personalleiing og økonomistyring
  • Arbeide strukturert med eininga sine målsettingar
  • Sakshandsaming
  • Ansvar for HMS og internkontroll

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå
  • Erfaring frå leiing og økonomistyring, herunder personalleiing
  • God systemforståing og kunnskap om lov- og avtaleverk

Personlege eigenskapar

  • Evne til å motivere og skape god kontakt mellom tilsette og eksterne samarbeidspartnarar
  • Evne til å vidareutvikle eit godt arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt

Vi tilbyr

  • Utfordrande og interessante arbeidsoppgåver i ei kommune med stor aktivitet
  • I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.

Offentelg tenestepensjon for nytilsette

Kontaktinformasjon

Einar Lied, Kommunalsjef, +47 46411004

Arbeidsstad

Øyna 13

6200 Stranda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune



Referansenr.: 4782978898

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 16.05.2024


Sted
Øyna 13, 6200 Stranda
Stillingsfunksjon
Ledelse, Økonomi og regnskap
FINN-kode
344904274
Sist endret
06. mai 2024 11:29