Bioingeniør til fast stilling

Arbeidsgiver
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Hels
Stillingstittel
Bioingeniør
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er det største laboratoriet ved Haukeland universitetssjukehus og har om lag 360 tilsette. Avdelinga har 12 analytiske og 4 ikkje-analytiske seksjonar, tre legegruppar (Medisinsk biokjemi, Hormonlaboratoriet og Klinisk farmakologi), i tillegg til NAPOS, NOKLUS Vest, RELIS og SOReg. 

Avdelinga utfører ei rekke analysar innan fagområda medisinsk biokjemi og klinisk farmakologi og har moderne analyseinstrument. I tillegg til omfattande rutinedrift blir det drive forsking og utviklingsarbeid. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.

Vi søker deg som er ein lagspelar, som likar deg i eit aktivt miljø og som ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Tillit, ansvar og sjølvstende er viktig for oss. Bioingeniørar som får autorisasjon til sommaren oppfordrast også til å søke.



Arbeidsoppgåver

  • Dei som blir tilsett må pårekne å utføre både analytiske og preanalytiske oppgåver
  • Blodprøvetaking
  • Bioingeniørar i grunnstilling må delta i vaktturnus. Bioingeniørar ved Hormonlaboratoriet arbeider dagtid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg på eit nivå som gjer deg i stand til å utføre aktuelle arbeidsoppgåver og kommunisere med kollegaer i arbeidssituasjonen
  • Personlege eigenskaper vil bli lagt vekt på

Personlege eigenskapar

  • Må kunne arbeide både i team og sjølvstendig og effektivt organisere eigen arbeidsdag
  • Positiv, hjelpsam, løysingsorientert og målretta
  • Viser fagleg tryggheit, tillit og respekt
  • Punktleg, påliteleg og ansvarsbevisst
  • Kan arbeide systematisk i stressande situasjonar
  • Trivast i eit dynamisk arbeidsmiljø
  • Engasjement for fagfeltet og ønsker å vidareutvikle kompetansen din

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst i Helse Bergen
  • Spennande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
  • Fagleg og personleg utvikling

 

Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Anne Grete Aune, Seksjonsleiar personal, 55973091, anne.grete.aune@helse-bergen.no

Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 55977882, ingunn.boro@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsbakken 49

5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4782260274

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 02.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsbakken 49, 5009 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Ingeniør, Helsepersonell / Bioingeniør
FINN-kode
344844954
Sist endret
19. mars 2024 04:19