Fagarbeidar

Arbeidsgiver
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Eininga for logistikk og materiell ved Sivilforsvarets kompetansesenter (SFK) søkjer etter ein strukturert og effektiv person til stillinga som logistikkoperatør ved sentrallageret til Sivilforsvaret. Dersom du er interessert i å jobbe i ein beredskapsorganisasjon, og samstundes trivst med praktisk arbeid, kan du vere den rette for oss. Vi ser etter kandidatar som, i tillegg til fagbrev i logistikk, har dei personlege eigenskapane som skal til for å bidra positivt til dei totale leveransane og arbeidsmiljøet til eininga.   
 
Du skal:    
 
  • utføre praktisk lagerarbeid som m.a. varemottak og sending, lagerlegging, teljing, ordreplukk og kassasjon 
  • nytte det digitale forvaltingssystemet til Sivilforsvaret før, under og etter praktisk arbeidsutføring 
  • utføre enklare administrative oppgåver og saksbehandling i Office 
  • bidra i den totale oppgåveløysinga ved eininga, til dømes ved å assistere med opplæring og rettleiing til sivilforsvarsdistrikta innanfor logistikk og praktisk materiellforvalting 

 
 
Kvalifikasjonar  
 
Du må ha:
  • fagbrev logistikk. Lang relevant erfaring kan kompensere for manglande fagbrev, under føresetnad av at fagbrev som privatist blir erverva etter tiltreding. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av NOKUT 
  • kjennskap til digitale materiellforvaltingssystem og saksbehandlingsverktøy (Office) 
  • truckførarbevis T1-T4 
  • førarkort klasse B 
  • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, og gode munnlege engelskkunnskapar 
  • følgjande personlege eigenskapar: 
    • strukturert 
    • lagspelar 
    • tillitsskapande 
    • gjennomføringsevne 
    • initiativrik 

 
Vi ønskjer at du har:
  • erfaring frå logistikk- og lagerverksemd 
  • kjennskap til beredskapsmateriell 
  • teknisk innsikt 
  • interesse for digitalisering innanfor faget 

 
Vilkår  
Fast stilling som fagarbeidar med fagbrev (stillingskode 1203) med årsløn frå kr 516 800–565 900 (lønstrinn 52–58). Søkjarar som ikkje har fagbrev på tidspunktet for tilsetjinga, blir tilsette i stilling som fagarbeidar (stillingskode 1117) med samme lønsspenn som for stillingskode 1203. Løn vurderast opp mot kvalifikasjonar.
 
 
Om Sivilforsvaret, kompetansesenteret og stillinga  
Sivilforsvaret er ein uniformert etat underlagt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og blir leidd av Sjef Sivilforsvaret. Sivilforsvaret består i fredstid av 8000 tenestepliktige mannskapar som er fordelt på 20 sivilforsvarsdistrikt, kvart av dei under leiing av ein distriktssjef. Sentralt nivå er organisert gjennom Sivilforsvarsavdelinga som består av to seksjonar og eit økonomi- og styringssekretariat. I tillegg er det ein krigsreserve med ytterlegare tenestepliktige. 
 
Sivilforsvarets hovudoppdrag er å verne befolkninga i krise og krig. Sivilforsvaret har myndigheitsansvar for ei rekke sivile vernetiltak. I fredstid skal Sivilforsvaret sørgje for at god beredskap blir halden oppe i heile landet og bistår som forsterkningsressurs når nødetatane og andre myndigheiter treng ekstra ressursar. Sivilforsvaret er organisert med lokale, regionale og nasjonale innsatsstyrkar beståande av tenestepliktige mannskapar og befal. Eit eige kompetansesenter har ansvaret for utdanning og opplæring. Det er totalt ca. 220 tilsette i Sivilforsvaret, fordelt på distrikta og Sivilforsvarsavdelinga. Den viktigaste ressursen er dei tenestepliktige som blir kalla ut til innsats i ulike oppdrag frå nord til sør. Sivilforsvaret bidreg også internasjonalt med ulike kapasitetar på DSB sine vegne, og tar fra 2024 over ansvaret for logistikkverksemd ved donasjon og materiell.
 
Sivilforsvarets kompetansesenter (SFK) har fleire nasjonale oppgåver innanfor utdanning, forvalting av tenesteplikt, materiell og logistikk. Alle dei 8000 tenestepliktige i Sivilforsvaret har grunnkurs og vidaregåande opplæring frå SFK. SFK har også det nasjonale kompetansemiljøet innanfor materiell og logistikk, og driftar sentrallageret til Sivilforsvaret for nasjonalt materiell.  
 
SFK er delt opp i tre einingar med kvar sine leiarar. Stillinga som logistikkoperatør høyrer inn under eininga for logistikk og materiell. Dei andre einingane ved SFK har ansvarsområde innanfor kompetanse og forvalting av tenestepliktige, administrasjon og leirdrift. 
 
Arbeidsstaden er Starum. Arbeidet er av ein slik art at det ikkje er høve til heimekontor, med unntak for særskilt avtalte tilfelle der det er mogleg å utføre arbeidsoppgåvene digitalt. 
 
I særskilde tilfelle kan det bli nødvendig å setje inn beredskapsvakt, med oppmøte på Starum innan ein time.  
 
For meir informasjon om Sivilforsvaret, se www.sivilforsvaret.no
 
 
 Om DSB
DSB (Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivarar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 650 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
 
 
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsprdningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik.
 
 
Hos oss får du
  • medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du verdifulle fordelar gjennom særs gode pensjons-, forsikrings- og boliglånordningar. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no
  • fleksibel arbeidstid
  • bedriftshelseteneste
  • høve til å trene i arbeidstida
  • tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg

 
 
 
I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise
 
 
Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste når søknadsfristen går ut. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jf. offentlegheitslova §25.
 
 
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du viser både i søknadsbrevet og CV-en korleis kompetansen din oppfyller kvalifikasjonskrava som står i utlysinga. Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet. Dette gir ein strukturert CV og sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg ber vi om at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. Vi tar imot søknader på begge målformar. DSB vil vurdere å gjennomføre bakgrunnssjekk før tilsetting. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR.
 
 
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktperson er
einingsleiar Ingunn Iren Mæhlum: |e-post ingunn.mehlum@dsb.no|telefon 61 14 10 18.  
 
Du finn meir informasjon om DSB på www.dsb.no. Velkomen som søkjar hos oss!
 
 
Sektor
Offentlig
Sted
2850 Lena
Stillingsfunksjon
Logistikk og lager, Koordinering, Kontor og administrasjon
FINN-kode
344816853
Sist endret
19. mars 2024 12:46