Kan du tenke deg å vere treningskontakt?

Arbeidsgiver
Årdal kommune Bu og miljøtenesta
Frist
02.04.2024

Beskrivelse

Bu og miljøtenesta søkjer ein vaksen person som treningskontakt til brukar som likar å trene og å vere ute i naturen. Oppdraget er 3 timar pr. veke/156 timar pr. år.

I oppdraget som treningskontakt skal du hjelpe vedkommande til å ha ei aktiv og meiningsfylt fritid.

Me ser etter nokon som kan motivere til og delta i trening og tur.

 

Kven kan bli treningskontakt eller fritidsassistent?

Til dette oppdraget treng me ein godt vaksen person, du må helst vere over 30 år.

Du må disponere bil som du kan bruke i samband med oppdraget.

Det er ikkje krav om formell utdanning, men personlege eigenskapar vert vektlagt.

Du må vere god til å samarbeide, lytte, vere interessert i aktivitet og ansvarsfull.

Det er krav om godkjent politiattest.

 

Løn og tilsetjingsvilkår:

Stillinga er løna etter Hovedtariffavtalen med kr 180,-/pr. time. Dersom du har relevant utdanning (helse, sosialfagleg eller pedagogisk) vil du i dette oppdraget få løn etter hovudtariffavtalen.

I tillegg får du dekka utgifter til køyring og enkelte andre utgifter.

 

Andre opplysningar

Treningskontakt er oppdragsbasert og du får løn etter arbeidde timar. Du avtalar direkte med brukar når de skal treffast.

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen
Stillingsfunksjon
Annet, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
344804495
Sist endret
19. mars 2024 02:17