Inaktiv

Er du vår nye kollega?

Arbeidsgiver
Hjelmeland kommune Barnevernstenesten
Stillingstittel
Kontaktperson Seksjon barn og familie 100 % fast stilling
Frist
07.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

 

100% fast stilling som kontaktperson Seksjon Barn og Familie.

Seksjon barn og familie i Hjelmeland kommune har ledig 100% fast stilling som kontaktperson frå og med 01.06.24.
Seksjon barn og familie består av barneverntenesta og tilrettelagte tenester. Stillinga vil innebere arbeid som kontaktperson/sakshandsamar innanfor begge tenestene. Arbeidet som kontaktperson er varierande, spanande og utfordrande. Det inneber kontakt med barn og familiar med ulike formar for hjelpebehov og set høge krav til både relasjonskompetanse og evne til samhandling med andre. Å arbeide i seksjon barn og familie inneber å arbeide i ei teneste og med eit fagfelt som kontinuerleg er i endring og utvikling. Dette fordrar evne til å reflektere over eigen praksis, men gjev og gode læringsmoglegheiter og ein variert kvardag med mange ulike oppgåver.

Seksjon barn og familie har kontora sine på Helsehuset i Hjelmeland sentrum. Her er det ei unik samlokalisering av tenester, som gir grunnlag for eit godt tverrfagleg samarbeid.

Ansvar og arbeidsoppgåver
- sakshandsaming etter lov om barneverntenester og lov om kommunale helse- og omsorgstjenester.
- arbeid med meldingar og undersøkingar
- oppfølging og arbeid med tiltak etter lov om barneverntenester og lov om kommunale helse- og omsorgstjenester
- fosterheimsarbeid
- akuttarbeid
- samarbeid med andre tenester og faggrupper kring førebygging, men og knytt til særskilde barn og deira familiar
- rekruttering og oppfølging av oppdragstakarar

Kvalifikasjonar og vilkår
- 3-årig bachelor i barnevern eller sosialt arbeid
- evt. relevant vidareutdanning og sertifisering i barnevernstiltak er ein fordel
- frå 01.01.2031 er det krav om mastergrad for å arbeide som kontaktperson i barneverntenesta 
- førarkort klasse B
- arbeidstida er som regel dagtid, men reising, kvelds- og helgearbeid må påreknast
- krav om god norsk kompetanse både skriftleg og munnleg. B1/B2 (skriftlig), B2 (muntlig).

Me søkjer etter ein person som
- er opptatt av mennesker, og særskilt barn og unge
- innehar god relasjonskompetanse
- har høg arbeidskapasitet og meistrar godt stress
- er flink til å samarbeide med andre. Både i team, men og med andre instansar og faggrupper.
- har evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
- er fleksibel og villig til å strekke deg langt for dei borna og familiane me arbeider med

Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette

I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel. 

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

 

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Vågavegen 115, 4130 Hjelmeland
Stillingsfunksjon
Barnevernspedagog, Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
344800966
Sist endret
19. mars 2024 10:54