Inaktiv

Lærar, inntil 100 % fast stilling

Arbeidsgiver
FIR - DIVERSE, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Lærar, inntil 100 % fast stilling
Frist
07.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Firda vidaregåande skule ligg i kommunesenteret Sandane i Gloppen kommune, sentralt i Nordfjord, ved E39 og 10 km frå flyplass. Skulen har 342 elevplassar og om lag 60 tilsette. Store delar av skuleanlegget er nytt. Anlegget er svært godt tilpassa utdanningsprogramma våre: studiespesialiserande, idrett og musikk, dans, drama. Dei siste åra har skulen hatt ei sentral rolle i å utvikle gode opplæringstilbod for vaksne både gjennom Gloppen modellen og i samarbeid med nettskulen i Vestland fylkeskommune. 

Frå 01.08.2024 har vi ledig inntil 100 % fast stilling som lærar.



Arbeidsoppgåver

Vi ser etter ein lærar med kompetanse innafor desse fagområda: norsk, samfunnsfag, språkfag, realfag og idrettsfag. 

Kvalifikasjonar

Høgskule eller universitetsutdanning i aktuelle fag. PPU eller anna godkjent undervisningskompetanse og  gode didaktiske og pedagogiske ferdigheiter.

Personlege eigenskapar

Du har eit sterkt pedagogisk engasjement der elevane si læring og trivsel er i fokus
Du er ein tydeleg og varm vaksen
Du er opptatt av eleven sitt beste
Du har kompetanse i å skape gode relasjonar til elevar, kollegaer og foreldre
Du er positiv, fleksibel, interessert og finn motivasjon i eiga læring og utvikling
Du reflekterer over praksisen din, vala du tek, og kan diskutere dei med andre
Du bidreg til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk 
  • Pensjons- og forsikringsordningar 
  • Godt fag- og arbeidsmiljø

Meir informasjon om skulen finn du på nettsida, www.firda.vgs.no. Det blir teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillingane. Det blir òg teke atterhald i forhold til endringar i stillingsplanarbeidet.
Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema. Ta med attestar og vitnemål til eit eventuelt intervju. Gje opp minst to referansar. Tilsetjinga vert gjort med prøvetid på 6 månader.
Den tilsette må legge fram politiattest av ny dato.
Søknadsfrist 07.04.24
Nærare opplysningar om stillingane får du ved å vende deg til assisterande rektor Magne Larsen, tlf 415 30 887 eller rektor Hallgeir Hansen, tlf 415 30 885.

 

Kontaktinformasjon

Magne Larsen, ass. rektor              , 41530887

Hallgeir Hansen, rektor                        , 41530885

Arbeidsstad

Firdavegen 21

6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4787175086

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 07.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Firdavegen 21, 6823 Sandane
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
344797331
Sist endret
20. mars 2024 09:27