Politibetjent 3/2/1 ved Grenseseksjonen 

Arbeidsgiver
FUF-Grenseseksjonen, Vest politidistrikt
Stillingstittel
Politibetjent Grenseseksjonen
Frist
02.04.2024

Beskrivelse

I Vest politidistrikt er det ledig eit antal mellombelse stillingar som politibetjent 3/2/1 ved Felles eining for utlending og forvaltning, Grenseseksjonen, Bergen Lufthavn Flesland. Stillingane vil ha oppstart i veke 25 med ei varigheit på åtte veker til tre månader, med moglegheit for forlenging utover hausten.

Vi søker deg som har noko erfaring og er fagleg motivert innan grensefaget.

Felles eining for utlending og forvaltning består av fire seksjonar som har eit tett samarbeid : Utlendingsseksjonen, Forvaltningsseksjonen, Grenseseksjonen og Utlendingskontrollseksjon. Grenseseksjonen skal fokusera på heilskapleg grensekontroll og ha eit formalisert samarbeid med naturlege samarbeidspartnarar som Toll og Kystvakt innanfor konseptet IBM (Integrated Border Management). Gjennom politioperativt kriminalforebyggende arbeid i forvaltnings-, kunnskaps- og etterretningssporet skal ein fanga opp grenseoverskridende kriminalitet som ulovleg innreise, omreisende kriminelle grupper og nettverk, menneskehandel, menneskesmugling og falsk ID på både luft og sjøgrense i distriktet. Det skal drivast ressurseffektiv og målretta grensekontroll basert på analysar og etterretning som skal gi ei forståing av trusselbildet.

EU implementerer nye informasjonssystem for å styrka grensekontroll og politisamarbeid i Europa. Grenseseksjonen er leverandør i dette arbeidet og har eit særleg ansvar i innføringa av nytt felles Schengen-system for grensekontroll Entry/Exit System (EES). EES skal bidra til å effektivisera og betre kvaliteten på grense og territorialkontroll og dessutan føra til meir målretta førebygging, avdekking og etterforsking av grenseoverskridende kriminalitet, ulovleg migrasjon og terrorisme.



Arbeidsoppgåver

  • Førstelinje grensekontroll, inn- og utreise til Norge og Schengenområdet, både luft- og sjøgrense
  • Andrelinje kontroll, medrekna arbeid med bort- og utvising av utlendingar på grensa
  • Territorialkontrollar
  • Operativ teneste i form av patruljering 
  • Straksetterforsking/PPS
  • Service oppdrag som bla. nødpass
  • Andre oppgaver tildelt av teamleiar og avsnittsleiar

Kvalifikasjonar

Nødvendig:

  • Ved søknadsfrist på stillingen ha bestått vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen. Vedlagde karakterskjema (trykk for vedlegg) skal fyllast ut og leggjast ved søknaden
  • Søkjar må vere IP4-godkjend 
  • Søkjar må ha minimum 3 måneders erfaring frå utlending/grensefaget
  • God munnleg og skriftleg framføring i norsk og engelsk
  • God system- og IT-kompetanse
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. 

Ønskeleg:

  • Bestått Schengenkurs blir vektlagt
  • Erfaring med bruk av indicia, DUF, GTK, SafeSeaNet, FKS og FKL blir vektlagt
  • Anna relevant utdanning/erfaring er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Vere tett på, modig, vise respekt og tenkje heilskapleg
  • Motivert og interessert i å utvikle seg innan grense/utlendingsfaget
  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og relasjonsbygging
  • Gode omstillingsevner og må tåle en hektisk arbeidshverdag

Som medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir i vår medarbeidarplattform.

Vi tilbyr

  • Ein spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme eit politi for framtida  
  • Stillinga blir lønna som politibetjent 3/2/1 (stillingskode 1461/1459/1457) frå ltr 44/460.600 til ltr 60/ kr 584 500
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)

Generelt

Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.  

Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Refnr: 24/58733 

Kontaktinformasjon

Asbjørn Dørmænen Svellingen, Avsnittsleder , 40405867, asbjorn.svellingen@politiet.no

For spørsmål om elektronisk CV/søknad, Seksjon for HR, 207.hr@politiet.no

Arbeidssted

Flyplassvegen 555

5258 Blomsterdalen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vest politidistrikt



Referansenr.: 4761231480

Stillingsprosent: 100%

Førebels

Startdato: 17.06.2024

Sluttdato: 30.08.2024

Søknadsfrist: 02.04.2024


Antall stillinger
14
Sted
Flyplassvegen 555, 5258 Blomsterdalen
Stillingsfunksjon
Annet, Sikkerhet, Saksbehandler
FINN-kode
344784795
Sist endret
19. mars 2024 12:15