Inaktiv

Ønskjer du nye utfordringar i ein variert og spennande jobbkvardag? Me vil ha deg med på laget!

Arbeidsgiver
Hjelmeland kommune Hjelmeland omsorgssenter
Stillingstittel
Sjukepleiar 100 % vikariat
Frist
01.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Hjelmeland omsorgssenter har ledig eit 100 % vikariat som sjukepleiar frå 01.06.2024 til 30.06.2025.

Stillinga inneber tredelt turnus med helgearbeid.

Omsorgssenteret består av korttidsavdeling med 8 plassar og heimetenesten. Korttidsavdelingen har stort mangfald i pasientgruppa, komplekse og spennande utfordringar som me jobbar tverrfagleg med heile året. Heimetenesta betener 26 omsorgsbustader og heimebuande. Senteret ligg sentralt på Hjelmeland med flott natur og fine turområder rundt. Hjå oss vil du få ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar.

Sjukepleiar som er nyutdanna eller har mindre en 10 år ansiennitet får ei garantiløn tilsvarande 10 års ansiennitet. 


Arbeidsoppgåver
- delta i stell, pleie og daglege gjeremål
- observasjonar og dokumentasjonsarbeid
- bruke VAR sjukepleieprosedyrar og veilederen aktivt
- tverrfagleg samarbeid /samhandling med andre faggrupper
- handtera medisinsk teknisk utstyr og prøvetakninger
- ta vare på brukarane sine individuelle behov

Kvalifikasjonar
- søkjer må ha norsk autorisasjon
- språkkrav minimum B2 nivå
- førarkort klasse B

Me søkjer etter ein person som
- bidrar aktivt til eit godt miljø
- kan arbeide både sjølvstendig og i samarbeid med andre i eit tverrfaglig team
- har fokus på dokumentasjon og god kjennskap til data/fagsystem som dokumentasjonsverktøy
- er positiv og motivert
- er fleksibel og løysningsorientert
- er nøyaktig og ikkje redd for å ta i eit tak

Me tilbyr
- godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgaver
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette
- gratis barnehage

 I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel. 

 Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess

Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside

 

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.

 

 


 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Vågavegen 115, 4130 Hjelmeland
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
344783945
Sist endret
19. mars 2024 10:46