Inaktiv

Autorisert sjukepleiar, fleire faste nattstillingar ledige : 89% + 69% + 29%

Arbeidsgiver
Heimetenesta, Sula kommune
Stillingstittel
Autorisert sjukepleiar, fleire faste nattstillingar ledige : 89% + 69% + 29%
Frist
01.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Heimetenesta i Sula har fleire faste stillingar på natt ledige for autoriserte sjukepleiarar.

Stilling med arbeid kvar 3 helg. Arbeidstid frå 21.45-08.15

*89% utgjer 9 vakter på 3 veker . Arbeidsbolkar på 4 og 5 netter

*69% utgjer 7 vakter på 3 veker . Arbeidsbolkar på 3 og 4 netter, ei veke fri mellom bolkane.

*29% utgjer 3 vakter på 3 veker.   Denne er berre arbeid kvar 3 helg

Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat om du lure på om dette kan vere noko for deg.

Oppstart medio juni, men vi kan tilpasse ved behov.



Arbeidsoppgåver

*Nattevaktene går i team på 2 sjukepleiarar, der ein startar og avsluttar vaktene i kvar sin base på indre og ytre Sula. 

* HBO ytre Sula har base i sentrum av Langevåg ved Stadsnesvegen 9b og HBO indre Sula har base ved Nausthaugen, like ved Solevåg fergekai.

*Ekstravakter kan påreknast om ønskeleg.

*Forutan faste oppdrag og utrykningar på alarmar er det sjukepleieoppgåver og evt. oppgåver ved personalbasane 

*Nattevaktene samarbeidar også med andre einingar etter avtale når det er rom for det.  

Kvalifikasjonar

*Autorisasjon som sjukepleiar

*Krav om førarkort og politiattest

*Det krevas datakunnskap og gode kunnskapar i norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg.

*Oppgje referanse

Personlege eigenskapar

*Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter positive kollegaer med god framferd.

*Du må vere stabil, pliktoppfyllande ,løysingsorientert og ha gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig.

*Du må vere trygg, takle eit hektisk arbeidsmiljø og uførutsette hendingar

*Arbeidet kan vere fysisk krevjande

*Personlege eigenskapar vert vektlagd

Vi tilbyr

*Eit godt arbeidsmiljø, stabile personalgruppe med god fagkunnskap og godt omdøme.

*Opplæring

*Arbeidskle

*Vi nyttar kommunale bilar i tenesta

*Tilsetting på vanlege kommunale vilkår

*Løn etter gjeldande tariff. Frå løna vert det trekt 2%til pensjonsinnskot.

*Gode arbeidslokale og gratis parkering

Kontaktinformasjon

Catharina Klokk Eide, Avdelingsleiar HBI indre, 47621378, Catharina.Klokk.Eide@sula.kommune.no

Solgunn Eide Dybvik, Avdelingsleiar HBO ytre, +4795710263, Solgunn.Eide.Dybvik@sula.kommune.no

Torunn Veddeng, Einingsleiar, +4795710262, torunn.veddeng@sula.kommune.no

Arbeidsstad

Stadsnesvegen 9B

6030 Langevåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune



Referansenr.: 4786738900

Stillingsprosent: 89, 69, 29%

Fast

Startdato: 24.06.2024

Søknadsfrist: 01.04.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Stadsnesvegen 9B, 6030 Langevåg
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
344706753
Sist endret
18. mars 2024 03:24