Lærarar - faste stillingar og vikariat

Arbeidsgiver
Solevåg skule, Sula kommune
Stillingstittel
Lærarar - faste stillingar og vikariat
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Solevåg skule søker lærarar for komande skuleår. Vi skal tilsette både i faste stillingar og i vikariat, totalt ca. 5 heile stillingar.  

Skulen har om lag 215 elevar frå 1.-7. trinn, og  SFO.

Vi har eit godt arbeidsmiljø, flott uteområde og nærleik til flotte naturområde.

Sula kommune har lagt til rette for digitalisering av læringsarbeidet og elevane har nettbrett som digitalt verktøy.



Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i klassar og/eller styrking i klassar eller mindre grupper.
  • Ein må pårekne kontaktlærarfunksjon
  • Arbeid med elevar med stort behov for oppfølgjing, hjelp og støtte vil vere særleg aktuelt for ei av stillingane
  • Delta og forplikte deg i pedagogisk utviklingsarbeid i vårt profesjonsfellesskap, på trinn og i kollegiet generelt. 
  • Heim/skule-samarbeid og eksternt samarbeid.

Kvalifikasjonar

Vi søkjer lærarar (master, adjunkt eller anna pedagogisk utdanning godkjend for grunnskulen). Vi har behov for kontaktlærarar med undervisningskompetanse i faga på barneskuletrinnet. Vi vil også kunne få behov for kompetanse innan fagfelta spes.ped og musikk/andre praktisk-estetiske fag. For ei av stillingane vil det vere særleg relevant at ein er personleg eigna for stillinga.

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer oss ein kollega som:

  • vektlegg trygg og god klasseleiing.
  • viser engasjement, har stor arbeidskapasitet og godt humør.
  • likar å samarbeide, dele og reflektere i eit læringsfellesskap.
  • legg innsats i og ser verdien av eit godt heim-skule-samarbeid.
  • er oppteken av eit trygt og godt skulemiljø.
  • er positiv og ønskjer å bidra sosialt både inn mot elevar og tilsette.
  • er oppteken av elevane si faglege og sosiale læring og utvikling

Vi tilbyr

  • Eit positivt, inkluderande og utviklingsorientert kollegafellesskap. 
  • Kompetansetillegg for vidareutdanning.
  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver.
  • Lønn etter tariff

Kontaktinformasjon

Børre Andreas Hagen, Rektor, 95710229, borre.andreas.hagen@sula.kommune.no

Arbeidsstad

solavågseidet 57

6037 Eidsnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sula kommune



Referansenr.: 4786395756

Stillingsprosent: 100%

Fast, Vikar

Søknadsfrist: 02.04.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
solavågseidet 57, 6037 Eidsnes
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
344702042
Sist endret
18. mars 2024 04:58