Økonomisjef

Arbeidsgiver
Sykkylven kommune
Stillingstittel
Økonomisjef - 100% fast stilling
Frist
16.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer ein dyktig økonom som har lyst til å bli med oss inn i framtida! 

Stillinga er sentral og viktig i kommuna si administrative leiing og del av kommunedirektøren si leiargruppe. Økonomisjefen har overordna
ansvar for kommuna si økonomifunksjon, herunder budsjett, regnskap, finans,
innkjøp, økonomiplan og handlingsprogram, og planmessig oppfølging og
rapportering mot desse. 

Kan dette vere noko for deg? Då håper vi at du sender oss ein søknad!



Arbeidsoppgåver

  • Leiing av økonomistyring og rapportering i kommuna
  • Overordna og dagleg leiing av økonomiavdelinga
  • Ansvarleg for budsjettarbeidet og årsrapport/årsavslutning
  • Legge fram og saksbehandle saker frå økonomiområdet til politiske utval
  • Følgje opp politiske vedtak og prioriteringar
  • Ansvarleg for kommuna sin eigedomsskatt
  • Ansvarleg for kommuna si finansforvalting og eigarstyring
  • Følgje opp og styre kommuna sin anskaffelse-/innkjøpsstrategi
  • Følgje opp kommuna sine forsikringsavtaler.       
  • Delta aktivt i strategisk utviklingsarbeid i kommunen

Kvalifikasjonar

Vi søkjer en person som har:

  • høgare økonomiutdanning frå høgskule/universitet
  • leiarerfaring kan kompensere til ein viss grad for utdanning
  • leiarutdanning/leiarerfaring
  • kjennskap til og erfaring frå offentleg sektor/kommune vil være ein fordel
  • strategisk og operativ erfaring innanfor økonomiarbeid
  • kunnskap og erfaring frå utviklingsarbeid
  • gode IKT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Visar gode evnar til å samarbeide og å motivere
  • Er fleksibel og sjølvstendig
  • Visar evne til å vere strategisk og analytisk
  • Er løysings- og resultatorientert
  • Har gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter på norsk/nynorsk

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt

Vi tilbyr

  • Ei strategisk og spanande leiarstilling
  • Store moglegheiter til å bidra til kommuna si utvikling
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjonsordningar
  • Sykkylven kommune vil være behjelpeleg med bustad og barnehageplass


Offentlegheit

Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. 
I samsvar med offentlighetsloven § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjarane kan offentliggjerast sjølv om det er bedt om
konfidensiell handsaming. Søkjarane vil i tilfelle verte forhåndsvarsla om
dette.

Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.

Kontaktinformasjon

Torbjørn Emblem, Kommunedirektør, 46405610, torbjorn.emblem@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Kyrkjevegen 62

6230 SYKKYLVEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune



Referansenr.: 4784193309

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 16.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven
Stillingsfunksjon
Økonomi og regnskap, Økonomi og regnskap / Økonomistyring og budsjettering, Økonomi og regnskap / Controller
FINN-kode
344699452
Sist endret
18. mars 2024 04:49