Faste stillingar i realfag, samfunnsfag, norsk og norsk som andrespråk

Arbeidsgiver
SOG - SOGNDAL VGS, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Faste stillingar i realfag, samfunnsfag, norsk og norsk som andrespråk
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Sogndal vidaregåande skule er ein stor skule i Vestland med omlag 800 elevar og 150 tilsette. Skulen har for tida 41 klasser fordelt på utdanningsprogramma bygg- og anleggsteknikk, elektrofag, idrettsfag, helse- og oppvekstfag, studiespesialisering, sal, service- og reiseliv, restaurant- og matfag og teknologi- og industrifag. Vi har også landslinje for yrkessjåførar, vaksenopplæring og ansvar for fengselsundervisning. Lokala våre er nye og moderne og vi held til på Fosshaugane Campus. Vi har godt arbeidsmiljø for dei tilsette og vi legg vekt på å ha gode læringsmiljø for elevane.

Meir informasjon om skulen får du på heimesida www.sogndal.vgs.no

Arbeidsoppgåver

Trivst du med å arbeide med ungdom og har pedagogisk utdanning? Vi har ledig faste stillingar på  inntil  200 prosent med undervisning i naturfag, matematikk, norsk, samfunnsfag og norsk som andrespråk.

Det er aktuelt med undervisning i alle utdanningsprogramma, og i grunnskuleopplæring for minoritetsspråklege. Storleik på stillingane er avhengig av kva fagkombinasjonar dei aktuelle søkjarane har. Det er ein fordel om du har erfaring med undervisning i spesialpedagogikk.

Kvalifikasjonar

-          Relevant fagkompetanse, minimum 60 studiepoeng i faga
-          Pedagogisk kompetanse
-          Undervisningserfaring frå vidaregåande skule
-          Det er ein fordel med undervisningskompetanse i fleire fag
-          God kunnskap om bruk av digitale verktøy og ha god ikt-forståing God kjennskap til bruk av digitale læremiddel

Personlege eigenskapar

-          Positiv og like å jobbe med ungdom
-          Strukturert samtidig som du kan jobbe i eit hektisk og nyskapande miljø
-          Sjølvstendig samtidig som du er god på relasjonar og samarbeid
-          Utviklings- og løysningsorientert
-          Romsleg, raus og fleksibel

Det vert lagt stor vekt på personelge eigenskapar ved tilsetjing

Vi tilbyr

-          Eit aktivt og stimulerande fagmiljø
-          Nært samarbeid med kollegaer
-          Ordna lønns- og arbeidsforhold
-          Gode pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
-          Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren blir offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Tone Bakke, avdelingsleiar, 95886136

Ann Kristin Sperle, avdelingsleiar, 99393873

Arbeidsstad

Lunnamyri 2

6856 Sogndal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4786721064

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.08.2024

Søknadsfrist: 02.04.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Lunnamyri 2, 6856 Sogndal
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
344697650
Sist endret
18. mars 2024 04:28