Fastlege

Arbeidsgiver
Hå kommune Vigrestad legekontor
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Legesenteret på Vigrestad består av 5 fastlegar og samarbeidande personell. Me har nå ein ny fastlegestilling på Vigrestad med oppstart i september.

I tillegg har me ledig vikariat for fastlege i 1 år på Varhaug frå 01.09.24, samt vikariat på Nærbø i 3-6 mnd med moglegheit for forlenging frå 01.09.24.
Kommunen arbeider med å leggja til rette for ytterlegare fastlegestillingar så om du tenkjer det er aktuelt å testa ut fastlegeyrket som vikar må du gjerne søkja her og skriva dette.

Hå kommune har 22 kommunale fastlegeheimlar fordelt på tre legekontor. Me har gode ordningar for utdanning og rettleiing, stor trivsel og eit godt tverrfagleg samarbeid i ein framoverlent organisasjon. 1. juni 2022 gjekk me inn i interkommunalt legevaktsamarbeid.
Hjå oss slepp du å ta ansvar for drift av legekontoret, finna din eigen vikar og me er gode til å finna løysninger dersom du treng ein dag fri.

Kvalifikasjonar

  • gjennomført Lis 1
  • god kunnskap om norsk lovverk

Personlege eigenskapar

  • interesse for allmennmedisin
  • evne til å arbeida sjølvstendig og i samarbeid med andre

Personlege eigenskapar og lokal tilknytning vert vektlagt.

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål, i PDF-format, sammen med søknaden din. Utenlandske vitnemål må være NOKUT-godkjent (Våre tenester (hkdir.no) og utenlandske attester oversatt til et skandinavisk språk eller engelsk.

Politiattest
Politiattest nyare enn tre månadar må leverast før start i stilling.

Tilsetjingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har prøvetid på 6 månadar og reglar for flyttegodtgjersle.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Lyngvegen 14, 4365 Nærbø
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Sykepleier
FINN-kode
344694291
Sist endret
18. mars 2024 04:20