Inaktiv

Ynskjer du å arbeida som fysioterapeut i Voss herad? SJå her

Arbeidsgiver
Voss herad Fysio-og ergoterapeuter
Stillingstittel
2x 100 % faste stillingar som fysioterapeut
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.

Om stillingane

Voss herad søker etter 2 fysioterapeutar i 100% stillingar i ergo og fysioterapiavdelinga. Du vil jobbe som fysioterapeut med ulike arbeidsoppgåve og etter behov i avdelinga. For den eine stillinga er aktuelle arbeidsområder kvardagsrehehabilitering/ heimerehabiliteringsteam, heimebesøk, gruppetrening og individuell oppfølging av pasientar. I den andre stillinga er aktuelle arbeidsoppgåver å halde kurs i Friskliv og meistring heimebesøk, gruppetrening og individuell oppfølging av pasientar. Du vil jobbe inne på avdeling og heime hjå brukar.   

Oppstart: 01.09.2024

Om avdelinga

Ergo/fysioterapiavdelinga ligg på Hagahaugen i lyse trivelege omgjevnader. Her har me kontor og treningssalar. Ergo/fysioterapiavdelinga har tilsett 13 fysioterapeutar og 5 ergoterapeutar inkl. leiar, turnusfysioterapeut og ei prosjektstilling.  

Arbeidsoppgåver

Som fysioterapeut i Voss herad arbeider du i samråd med det tenestetilbodet avdelinga tilbyr og ut frå gjeldande prioriteringar og prioriteringsnøkkel. Merk at oppgåvene kan endra seg etter behov frå tenesta/heradet.

Døme på arbeidsoppgåver:   

  • Jobbe ut ifrå kunnskapsbasert praksis og vera delaktig i og drifte eit aktivt og velfungerande fysioterapitilbod i heradet
  • Oppfølging av pasient gjennom undersøking/testing, treningsrettleiing og behandling  
  • Tilrettelegging og motivering for fysisk aktivitet individuelt og i gruppe
  • Fylgje opp pasientar i brukars eigen heim
  • Vera fysioterapeut for inneliggjande pasientar på korttidsavdelinga og jobbe tverrfagleg og tett med andre fagpersonar for å gje pasient eit best mogleg rehabiliteringsopphald
  • Drifte kvardagsrehabilitering saman med ergoterapeut og vera bindeledd mellom ergo/fysioterapitenesta og heimetenesta i kvardagsrehabilitering
  • Undervisning av helsepersonell til dømes på fagdagar og internundervisning 
  • Samarbeide med relevante eksterne samarbeidspartnarar. Praksis skal utøvast i nært samarbeid med dei andre fysioterapeutane, og anna helsepersonell i heradet, ut frå gjeldande målgruppe, behandlingstilbod og ventelister
  • Den eine av stillingane skal ha kurs for Friskliv og meistring, døme på kurs er Kvardagsglede, Søvn, KiD, KiB, innetrening og utetreningsgrupper

Me ynskjer

Kvalifikasjonar:

  • Krav om godkjent fysioterapeut med autorisasjon jfr. helsepersonellova 
  • Det er ynskjeleg med brei fagleg kompetanse innan allmenn fysioterapi
  • Ha erfaring frå kvardagsrehabilitering/ heimerehabilitering i team (gjeld for den eine stillinga)
  • Det er ynskjeleg med erfaring som fysioterapeut frå kommunehelsetenesta, og/eller rehabiliteringsinstitusjonar 
  • Ha utdanning som kursinstruktør for kurs i Friskliv og Meistring (gjeld for den eine stillinga)
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg 
  • Sterkt ynskje om førarkort klasse B

Personlege eigenskapar: 

  • Ein fleksibel og lojal terapeut ovanfor kollega, pasient og arbeidsgjevar 
  • Evner å arbeide sjølvstendig og i team  
  • God evne til samarbeid og kommunikasjon 
  • Pasientorientert, systematisk og påliteleg arbeidsstil
  • Er ansvarsbevisst og strukturert 
  • At du har god endringsvilje og kunnskap om kommunens struktur og framtidsvisjon
  • Har interesse for å utvikle ein kunnskapsbasert fysioterapiteneste i tråd med gjeldande lovverk, reformar, planar og utfordringar i heradets helseteneste 
  • Personleg eigenskapar vil tilleggas avgjerande vekt
  • Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga

Me tilbyr

  • Gode vilkår for fagleg utvikling
  • Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • Yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode pensjonsordningar
  • Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. 

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

 

Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden og presiser kva stilling du søker på.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Hagahaugvegen 30, 5705 Voss
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
344684119
Sist endret
18. mars 2024 03:47