Senioringeniør / ingeniør til varierte oppgåver som del av eit lite team med høg kompetanse

Arbeidsgiver
BKS Konsern
Frist
Snarest

Beskrivelse

Hos oss får du jobbe med varierte oppgåver gjennom heile prosjektkjeda, der det somme gonger krevst at du jobbar sjølvstendig og andre gonger at du er del av team enten internt i Zenit eller hos kunde. Du må vere villig til å ta ansvar og stå fram når det trengst, ha fokus på kvalitet og på å oppretthalde tidsfristar. Tidvis vert arbeidet utført hos kundar i store, hektiske prosjekt, så HMS er noko vi alltid må ha fokus på.

Kundane våre inkluderer store aktørar som Aker Solutions, Boliden og Hydro der vi jobbar med både langvarige utleiger og mindre oppdrag, og i tillegg har vi ei lang rekkje store og små oppdrag innan prosjektering for ei rekkje kundar hovedsakelig i Sunnhordaland og Ullensvangregionane. Vi ønskjer å bygge vidare på dette, samt å utvide kundegruppa vår i Bergensregionen.

Arbeidsoppgåver vil mellom anna omfatte konstruksjon, design, analyse, berekning, prosjektering, feltbefaring og disiplinansvar, og fleire av våre kundar har behov for dyktige prosjektleiarar i alle faser av prosjekta sine.

Du må som eit minstekrav ha ein Bachelor eller Master i ingeniørfag, typisk innan maskin, mekanisk, struktur, bygg eller liknande. Vi ser også på å styrke vår kompetanse innan elektro og automasjon.

I første omgang er vi nøydde å prioritere kandidatar med noko erfaring, minimum 3-5 år og gjerne meir, men høyrer gjerne frå deg som er nyutdanna også. Vi treng også at du snakkar flytande norsk, og har god engelsk både munnleg og skriftleg.

Hos oss i Zenit vil du verte varmt motteke og gitt varierte og utviklande oppgåver. Sjølv om vi er mykje ute hos kunde er vi opptatt av å ha eit inkluderande og godt arbeidsmiljø, og har mellom anna fagdagar der alle samlast 4 gonger om året. I dag er vi 15 ansatte fordelt på dei fire kontora våre.

Kontorstad er i utgangspunktet i Bergen, men det må påreknast noko reiseverksemd. I periodar kan også vekependling vere aktuelt for kandidatar som ynskjer det.

Og vi oppmodar deg om å ta kontakt om du er interessert i å jobbe på eit av våre andre kontor også. Vi har i dag kontor i Sunde, Odda og Leirvik i tillegg til Bergen.

Lønnsmessig følgjer vi NITO/Tekna, og vi har gode pensjons- og forsikringsordningar.


Om oss:

Zenit Engineering AS vart etablert i 2000 og tilbyd høg faglig kompetanse innan mekanisk design, maskin, konstruksjon, rør, struktur og bygg. Vi leverer multidisiplinære løysingar inn mot landbasert industri, maritim, offshore, akvakultur og fornybar gjennom studiar, analysar, tekniske og mekaniske løysingar og totalentreprisar.

Zenit har over snart 25 år utvikla seg til å bli ein foretrukken leverandør av ingeniørtenester til ulike segment, og er stolte over å vere ein del av BKS-konsernet, som er ein integrert del av Eqva ASA. Med denne koblinga har Zenit Engineering AS tilgang til eit breidt nettverk av ressursar og kompetanse som bidreg til å styrke posisjonen vår i markedet.


Antall stillinger
3
Sted
Vaskerelven 39, 5014 Bergen
Stillingsfunksjon
Ingeniør, Prosjektledelse, Ingeniør / Elektroingeniør
FINN-kode
344639781
Sist endret
18. mars 2024 06:43