Inntil to 100% stillingar som pedagogisk leiar

Arbeidsgiver
Svelgen Oppvekst, avdeling barnehage, Bremanger kommune
Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Frist
28.04.2024

Beskrivelse

Ved Svelgen oppvekst avdeling barnehage er det ledig inntil to 100 % stillinger som pedagogisk leiar frå 01.08.24.

 

Svelgen oppvekst er eit oppvekstsenter med 2 barnehagar og ein barne- og ungdomsskule, og er den største driftseininga innan oppvekstsektoren i kommunen. Svelgen barnehage har 4 avdelingar med born i alderen 2 – 6 år. Både barnehagane og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Barnehagane i kommunen har eit tett samarbeid med felles kommunale tiltaksmodellar innan PALS og Resultatleiing. Som satsingsområde vil vi halde fram med kompetanseutviklingsprosjektet, «Inkluderande barnehage- og skulemiljø.» Psykisk helse, mangfald og samarbeid med heimen er hovudtema i satsinga.



Arbeidsoppgåver

  • Arbeide målretta i høve til barnehagen sitt pedagogiske arbeid og satsingsområde, i samarbeid med resten av personalet, foreldre og andre samarbeidspartar
  • Bidra til eit trygt og godt leike,- lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
  • I samarbeid med fagleiar ha eit ansvar for oppfølging og leiing av fag, enkeltbarn, barnegrupper og foreldresamarbeid
  • Bidra til eit godt samarbeid på oppvekstsenteret, og på tvers av andre tenester
  • Ha fokus på fagleg utvikling, rettleiing og dokumentasjon 
  • Bidra til kompetanseheving og nytenking i barnehagen 

Kvalifikasjonar

  • Godkjend barnehage-/ førskulelærarutdanning
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode norsk-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
  • Du har eit genuint ønskje om å jobbe med barn, og har kunnskap om barn si utvikling
  • Du er raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
  • Du er sjølvstendig, har evne til å ta ansvar, leie og motivere medarbeidarane dine
  • Du er fleksibel og løysingsorientert og trivast i ein aktiv kvardag
  • Du trivast med å vere ute i all slags ver heile året, og bruke uterommet i det pedagogiske arbeidet

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå-på vilje
  • God pensjonsordning, og heildøgns forsikring
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling
  • Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass
  • Ring oss gjerne for en prat, så fortel vi meir!

Kontaktinformasjon

Sindre Myklebust Fjeld, Driftssjef Svelgen oppvekst, +47 46806321

Arbeidsstad

Gunnar Scheldrups veg 31

6723 Svelgen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune



Referansenr.: 4784756211

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 28.04.2024


Antall stillinger
2
Sted
Gunnar Scheldrups veg 31, 6723 Svelgen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehagelærer
FINN-kode
344251909
Sist endret
08. apr. 2024 09:29