Inaktiv

Saksbehandlar/Reiseplanleggar

Arbeidsgiver
Pasientreiser, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Saksbehandlar/Reiseplanleggar
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Seksjon for pasientreiser i Ålesund har ledig 100% fast stilling som saksbehandlar/reiseplanleggar med oppstart frå snarast.

Prehospital klinikk i Helse Møre og Romsdal HF organiserer den prehospitale aktiviteten i fylket, inklusive bil -, båt- og luftambulansane samt akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK/113).

Seksjon for pasientreiser består av ein flott gjeng på ca. 18 årsverk der dei fleste driv med saksbehandling, brukarstøtte or reiseplanlegging. Seksjonen planlegg og utfører årleg omlag 220.000 rekvirerte transportar langs veg og i lufta, og rettleier pasientar, rekvirentar og transportørar i systembruk, rettar og regelverk. 
Intern omrokkering kan også gje andre ledige stillingar.

Du er velkomen som søkjar til ein meningsfylt arbeidsdag!

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!



Arbeidsoppgåver

  • Fagleg, god og omsorgsfull forvaltning av pasientrettar
  • Rettleiing,  innhenting av informasjon og saksbehandling 
  • Brukarstøtte, rekvisisjonsbehandling, reiseplanlegging og opplæring
  • Koordinering og oppfølging av transportar og transportørar
  • Aktiv deltakelse i forbetringsarbeidet i seksjonen

Kvalifikasjonar

  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • God mestring av digitale kontorstøtteverktøy
  • Sosialt anlagt, trivast med relasjonsbygging og trygg i møte nye menneske
  • Fullført vidaregåande utdanning

Personlege eigenskapar

  • Du er serviceinnstilt og sjølvgåande
  • Du har evne til å mestre stress og vanskelege situasjonar
  • Du er målretta og ansvarsfull, med eit sterkt ynskje om å lykkast
  • Du opplever kvardagen med pasienttransport interessant og givande
  • Du tar medansvar for eigen fagleg utvikling

Personleg eignaheit for stillinga vert vektlakt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at vitnemål og attestar blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad.

Kontaktinformasjon

Jacob Devold, Seksjonsleiar, +47 70 16 77 22, Jacob.Devold@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsebøen 1

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4780067504

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 02.04.2024


Sted
Åsebøen 1, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Koordinering, Annet
FINN-kode
344217744
Sist endret
15. mars 2024 09:30