Inaktiv

Lærar i musikk

Arbeidsgiver
FIR - DIVERSE, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Lærar i musikk
Frist
07.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Firda vidaregåande skule ligg i kommunesenteret Sandane i Gloppen kommune, sentralt i Nordfjord, ved E39 og 10 km frå flyplass. Skulen har 342 elevplassar og om lag 70 tilsette. Store delar av skuleanlegget er nytt. Anlegget er svært godt tilpassa utdanningsprogramma våre: studiespesialiserande, idrett og musikk, dans, drama. Dei siste åra har skulen hatt ei sentral rolle i å utvikle gode opplæringstilbod for vaksne både gjennom Gloppen modellen og i samarbeid med nettskulen i Vestland fylkeskommune. 

Frå 01.08.2024 har vi ledig 100 % fast stilling som lærar i musikk, fordjupning-el.gitar.



Arbeidsoppgåver

Vi ser etter ein person som skal gje opplæring i elgitar fordjupnings- og bruksinstrument i faga MUSIKK, IKS1 OG IKS2. Den som vert tilsett må òg rekne med undervisning i andre teoretiske fag på programområde musikk, som til dømes Musikk i perspektiv, Musikk fordjupning og samspel.

Kvalifikasjonar

Høgskule eller universitetsutdanning, bachelorgrad eller mastergrad. PPU eller anna godkjent undervisningskompetanse og gode didaktiske og pedagogiske ferdigheitar i kunst- og kulturfaga.

    Personlege eigenskapar

    Vi ser etter ein person som:

    -Har didaktisk kompetanse til å møte alle typar elevar

    -kan jobbe prosjektbasert og i team

    -Er god på relasjonsbygging og har gode evner til å kommunisere og vere i dialog

    -Arbeider sjølvstendig

    -Er kreativ og løysningsorientert

    Vi tilbyr

    • Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk 
    • Pensjons- og forsikringsordningar 
    • Godt fag- og arbeidsmiljø

    Meir informasjon om skulen finn du på nettsida, www.firda.vgs.no. Det blir teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillingane. Det blir òg teke atterhald i forhold til endringar i stillingsplanarbeidet.
    Søknad sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema. Ta med attestar og vitnemål til eit eventuelt intervju. Gje opp minst to referansar. Tilsetjinga vert gjort med prøvetid på 6 månader.
    Den tilsette må legge fram politiattest av ny dato.
    Søknadsfrist 07.04.24
    Nærare opplysningar om stillingane får du ved å vende deg til avdelingsleiar Solfrid Bjørkum tlf 959 72 169 eller rektor Hallgeir Hansen, tlf 415 30 885.

     

    Kontaktinformasjon

    Hallgeir Hansen, rektor                        , 41530885

    Solfrid Bjørkum, avdelingsleiar, 95972169

    Arbeidsstad

    Firdavegen 21

    6823 Sandane

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



    Referansenr.: 4785143115

    Stillingsprosent: 100%

    Fast

    Søknadsfrist: 07.04.2024


    Sektor
    Offentlig
    Sted
    Firdavegen 21, 6823 Sandane
    Stillingsfunksjon
    Undervisning og pedagogikk
    FINN-kode
    344214307
    Sist endret
    20. mars 2024 09:35