Lærar - 2.gongs utlysing

Arbeidsgiver
Luster kommune Hafslo barne- og ungdomsskule
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Stillingsinformasjon:

  • Hafslo barne- og ungdomskule har ledig inntil 100 % årsvikariat frå 01.08.2024

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning på både barne- og ungdomsskule og utføre oppgåver i tråd med gjeldande regelverk

Sentrale ansvarsområde:

  • Undervisning i aktuelle fag og spesialundervisning i enkelte fag og klassar
  • Klasseleiing
  • Tilsyn med elevar inne og ute
  • Loggføring og samarbeid på skulen sine digitale plattformar
  • Samarbeid med kollegaer og føresette
  • Delta og bidra i utviklingsarbeid ved skulen
  • Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar:

  • Me ynskjer gode klasseleiarar og helst med erfaring frå klasserommet
  • Må ha kvalifikasjonar som tilfredsstillar kompetansekrava for å undervise i grunnskulen, GLU 1-7 eller GLU 5 –10
  • Me ynskjer søkjarar med studiekompetanse på minst 30 studiepoeng i norsk, matematikk, engelsk

Personlege eigenskapar:

  • Positiv, inkluderande og glad i nye utfordringar
  • Delta i teamsamarbeid og vere samarbeidsfokusert
  • Engasjement for, og evne til, å samarbeide med elevar, kollegaer og føresette
  • Evne til å sjå barna sine behov og engasjement for å skape eit trygt og godt læringsmiljø
  • Fleksibilitet- vere løysningsorientert i ein hektisk kvardag
  • Ta ansvar, syne omsorg og respekt for kvarandre
  • Evne til sjølvstendig arbeid

Me tilbyr:

  • Teamsamarbeid med fokus på kvarandre sine styrker. Ingen skal stå åleine i utfordringane
  • Eit utviklande fagmiljø som er flinke til å samarbeide og dele med kvarandre
  • Arbeidsplass i opent kontorlandskap
  • Klasseteam der ein samarbeider tett
  • Gode og romslege lokalitetar både inne og ute
  • Indre Sogn sitt flottaste personalrom
  • Nyutdanna og nytilsette vert godt ivareteken med nedsett leseplikt og mentor
  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Andre opplysningar:

  • Dersom det dukkar opp andre ledige stillingar ved ein av skulane i Luster, kan du bli kontakta om desse
  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Tangvegen 7, 6869 Hafslo
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
344209567
Sist endret
15. mars 2024 08:10