Sommarjobb innan reinhald/heimehjelp og i vaktmeistertenesta

Arbeidsgiver
Øystre Slidre kommune
Stillingstittel
Sommarjobb innan reinhald/heimehjelp og i vaktmeistertenesta
Frist
30.04.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse


Det er behov for ferievikarar innan reinhald/heimehjelp og i vaktmeistertenesta. Stillingane kan delast av fleire personar. 

Innan reinhald/heimehjelp er det  behov for tilkallingsvikarar som kan jobbe ved fråvær i tenesta gjennom heile året.

 

Arbeidsoppgåver

  • Reinhald: vask av kommunale bygg etter reinhaldsplan.
  • Heimehjelp: Yte praktisk bistand til menneske som treng hjelp til å meistre daglege gjeremål i sin eigen heim.
  • Vaktmeister: Vedlikehald av kommunale bygg og anlegg. Døme på oppgåver er grasklypping, beising, rydding m.v. 

Kvalifikasjonar

  • Det er  ein fordel med førarkort klasse B og tilgang på eigen bil
  • Fagbrev som reinhaldsoperatør eller innan handverk er positivt, men det er ikkje noko krav. 
  • Du må ha interesse for faget, og det er ønskjeleg med relevant erfaring
  • Det er nødvendig med gode norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Me ser etter sjølvstendige,  serviceinnstilte  og samarbeidsvillig personar som har interesse for faget og ønskjer å gjere ein god jobb

Vi tilbyr

  • Nødvendig opplæring
  • Løn etter utdanning og erfaring

    Søkjarar blir vurdert og kontakta fortløpande

 

  • Kontaktperson reinhald/heimehjelp: Inga Sceliene, tlf 96833475
  • Kontaktperson vaktmeister: Gunnar Melbye, tlf 99434308
 

Kontaktinformasjon

Inga Sceliene, reinhaldsleiar, +47 96833475

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989

2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune



Referansenr.: 4784963385

Stillingsprosent: 100%

Sommarjobb

Søknadsfrist: 30.04.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Stillingsfunksjon
Renhold, Annet
FINN-kode
344156034
Sist endret
14. mars 2024 05:13