Engasjerte lærarar!

Arbeidsgiver
Fedje kommune
Stillingstittel
Lærarar
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

For skuleåret 2024/2025 har Fedje skule ledig lærarstillingar. Me har ein fast stilling, og vikariat. Fedje skule er ein fådelt skule med elevar frå 1. til 10. trinn. Skulen har eit godt og inkluderande læringsmiljø.

Inneverande skuleår har me fokus på vidare arbeid knytt til oppfølgingsordninga med mellom anna fokus på lesing. Fedje skule har eit tett samarbeid med barnehagen i kommunen gjennom arbeid med prosjektet «inkluderande barnehage og skulemiljø».  


Arbeidsoppgåver
  • Undervisning i klasse og aldersblanda grupper/klassar.
  • Undervisning på ulike trinn i fag etter behov ved skulen
  • Kontaktlærar eller faglærar
  • Samarbeid med kollegaer og i team med vekt på å auke læringa til elevane og for å utnytte og styrke kompetansen i personalet
  • Samarbeid med føresette og eksterne samarbeidsinstansar
  • Delta aktivt i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid 

Kvalifikasjonskrav
  • Godkjent lærarutdanning for 1. - 7. årstrinn eller 5.-10. årstrinn, eller tilsvarande godkjent utdanning . 
  • Særskild ønskjer me lærarar med undervisningskompetanse i engelsk, naturfag, spansk, kroppøving, norsk (særleg med vekt på begynneropplæringa og ungdomstrinnet), spes.ped. og praktisk estetiske fag.
  • God kompetanse innan klasse- og læringsleiing
  • God IKT-kompetanse og nytter digitale verktøy i undervisninga
  • Gode norskferdigheiter, både munnlig og skriftleg

Merk også

  • Utdanning frå utlandet må vere godkjent av NOKUT. 
  • Tenestespråket i Fedje kommune er nynorsk
  • For tilsetjing innan skule, vert det stilt krav om politiattest

Personlege eigenskapar
  • Du har eit sterkt personleg engasjement og klart fokus på elevane si læring
  • Evne til å ta initiativ og bygge gode relasjonar
  • Har eit positivt elevsyn og evne til å vise omsorg og gje tryggleik
  • Du er ansvarsbevisst, fleksibel og har gode kommunikasjonsferdigheiter
  • Du trivast med teamarbeid og er ein god bidragsytar i teamet
  • Positiv og løysingsorientert
  • Godt humør
  • Du er personleg eigna
     

Me tilbyr
  • Ein liten skule med små grupper, der du som vaksen kjem tett på barna
  • Moderne, digitale løysningar
  • Du vil bli ein del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, som tek godt imot nytilsette
  • Løn etter gjeldande avtaleverk
  • Tilgang til symjehall og fleirbrukshall 
  • Gratis barnehage
  • Gratis SFO og for 4.klasse 12 timar i veka frå hausten 2024.
  • Hjelp til å skaffe bustad
  • Ei av Norges beste pensjonsordningar i SPK

Velkommen til oss!


Fedje - landsbyen i havet

To timer med bil fra Bergen finner du Fedje, landsbyen i havet.asjon


Sektor
Offentlig
Sted
Stormarkvegen 55, 5947 Fedje
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
344135701
Sist endret
20. mars 2024 02:48