Programrådgjevar

Arbeidsgiver
Luster kommune NAV Luster
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Flyktningtenesta er organisert til NAV Luster, som held til i lyse og trivelege lokalar i Gaupne sentrum, like ved Lustrabadet. Me er eitt av seks NAV- kontor i region Sogn.

Vaksenopplæringa ligg òg organisert til NAV- kontoret. Vaksenopplæringa har eigne lokalar i lagshuset på Granden i Gaupne sentrum.

NAV Luster, Flyktningtenesta og Vaksenopplæringa har per i dag omlag 20 tilsette totalt.

I NAV Luster legg me vekt på samarbeid på tvers av kommunegrensene for å vidareutvikle tenestene til innbyggjarar og arbeidsgjevarar. Me deltek aktivt i regionale fagnettverk og i utviklings- og forbetringsarbeid i heile regionen.

NAV Luster Flyktningtenesta har ledig 100% vikariat som programrådgjevar frå medio mai.

Ei av våre programrådgjevarar skal ut i svangerskapspermisjon. Me søkjer difor etter nokon som kan tenkje seg å bli med på laget som programrådgjevar hjå oss i eitt år. Det kan verte mogelegheiter for forlenging.
Flyktningtenesta er ein del av NAV Luster, med til saman 4,8 faste stillingar.  Tenesta har det koordinerande ansvaret for busetjing og kvalifisering av flyktningar i Luster kommune.

Programrådgjevar sitt ansvar er mellom anna å kartlegge den einskilde vaksne flyktning, og videre utarbeide integreringsplan med mål som skal ligge til grunn for deltakar sin veg til utdanning og/eller arbeid.

Programrådgjevar jobbar med rettleiing, gjennomføring- og evaluering av Introduksjonsprogram. Programrådgjevar vil og ha ansvar for å utvikle og gjennomføre ulike kurs og tiltak knytt til arbeid, utdanning, livsmeistring og deltaking i samfunnslivet i tett samarbeid med Luster Vaksenopplæring.

Stillingsinformasjon:

  • 100 % vikariat som programrådgjevar frå medio mai

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegging, rettleiing og sakshandsaming etter integreringslova
  • Oppfølging av deltakarar i introduksjonsprogrammet
  • Oppfølging knytt til arbeid, aktivitet og utdanning
  • Tett samarbeid internt i flyktningtenesta, vaksenopplæringa og NAV
  • Samarbeide tett med ulike tiltaksarrangørar, arbeidsgjevarar og skule
  • Dokumentasjon, journalføring og rapportering
  • Undervisning for deltakarar i introduksjonsprogrammet

Kvalifikasjonar

  • 3 årig relevant høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag, eller anna relevant utdanning
  • Førarkort klasse B
  • Erfaring frå arbeid med målgruppa er ei føremon
  • Kunne kommunisere godt både på norsk og engelsk
  • Digitale ferdigheiter

            Det er ei føremon om du:

  • Kjenne til lokalsamfunnet, næringslivet, lag og organisasjonar
  • Kjenner innhaldet i integreringslova og Lov om sosiale tenester i NAV
  • Har erfaring med karriererettleiing og arbeidsretta oppfølging
  • Har tru på at alle menneske har ressurser som kan nyttast i arbeid

Opplæring vil bli gitt.

Me legg vekt på

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Evne til å skapa gode relasjonar og motivere til framgang og utvikling
  • Å vere sjølvstendig og ta ansvar, men også samarbeide og fungere i team
  • Evne til å arbeida systematisk og målretta, men samtidig vera i omstilling
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Stor arbeidskapasitet, fleksibilitet og evne til å handtera fleire saker samtidig
  • Personlege eigenskapar og ferdigheiter vil bli vektlagd

Me kan tilby

  • Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
  • Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter avtale

Andre opplysningar 

  • Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
  • Andre stillingar kan bli ledige/aktuelle, og ein kan då bli kontakta
  • Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
  • Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
  • Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit

Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Øyagata 14 B, 6868 Gaupne
Stillingsfunksjon
Rådgivning, Saksbehandler, Konsulent
FINN-kode
344133072
Sist endret
14. mars 2024 02:27