Ferievikar ved Granvin Sjukeheim og Heimeteneste
- Arbeidsgiver
- Voss herad Område sør
- Stillingstittel
- Vil du vera ferievikar i helsetenestene i Granvin?
- Frist
- 15.06.2024
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er opptekne av faget sitt og har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hjå oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis tenester for morgondagen skal vera. For å møta utfordringar i framtida har me auka fokus på førebygging og tidleg innsats.
Er du interessert i ein meiningsfull og gjevande sommarjobb i eldreomsorga?
Då har me jobben for deg! Ved Granvin Sjukeheim og heimeteneste er me på jakt etter nye kollegaer til å arbeida saman med oss i ferien.
Du vil sjølvsagt få både opplæring og oppfylgjing av flotte kollegaer på arbeidsplassen.
Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, kokk, elevar, studentar, assistentar er oppmoda om å søkja.
Søknaden må innehalda opplysningar om:
Tidsrommet du kan arbeida i perioden frå juni-august, med hovudvekt på juli.
Søkjarar som har vore i ferievikariat tidlegare, og som kan arbeida minimum 4 veker samanhengande vil verta prioritert.
Oppgje evt. når du ikkje er tilgjengeleg i denne perioden
Søkjar må vere 18 år. Om søkjar er 16-18 år kan det takast individuelle vurderingar.
Om avdelinga:
Granvin Sjukeheim og heimetenesta er samlokalisert på Eide i Granvin, ca 2,5 mil frå Voss Sentrum. Det er kort veg til både sjø og fjell.
Det er 12 bebuarar i institusjon. Det er vekslande mellom langtid, korttid, vekselpleie, avslastning. 20 omsorgsbustadar er tilknytt sjukeheimen.
- Arbeidsoppgåvene er varierte: stell, pleie, omsorg, aktivitetar, tilrettelegging av måltid og praktisk arbeid.
- All samhandling skal utførast med respekt og ha fokus på kva som er viktig for bebuar. Miljøarbeid og personsentrert omsorg er viktig metodikk. Turnusarbeid med helgearbeid.
Me ynskjer:
- Me ynskjer å ha akkurat deg som kollega i våre arbeidsteam i sommar.
Me søkjer sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, studentar, elevar og ufaglærte, som ynskjer å jobbe med pasientomsorg til brukarane våre på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet.
Me søkjer også deg som kunne tenkja deg å arbeide på natt, eller kombinera turnusarbeid med nattarbeid. - Me legg vekt på personlege eigenskapar som godt humør, stå på vilje og samarbeidsevner og gode norskkunnskapar.
- Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Me tilbyr:
- tariffløn
- E-læringskurs og god opplæring
- Ein spennande, meiningsfull og lærerik sommarjobb
- Eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- Varierte arbeidsdagar med arbeid dag, kveld, helg og eventuelt natt
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Eidesvegen 24, 5700 Voss
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
- FINN-kode
- 344132250
- Sist endret
- 15. mars 2024 07:04