Miljørettleiar Strandebarm skule 

Arbeidsgiver
Oppvekst, Kvam herad
Stillingstittel
Miljørettleiar skule
Frist
02.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du vera ein del av miljørettleiar- laget i skule?

Strandebarm skule har ledig stilling som miljørettleiar i 80 % frå snarast. 

Me søkjer trygge og gode miljørettleiarar som brenn for at elevane skal ha det bra på skulen! I denne stillinga på Strandebarm skule får du jobba med einskildeelevar, på klassetrinn og laga miljøtiltak på skulenivå. Me treng modige og trygge vaksne som likar elevane, viser at dei har tru på dei og finn løysingar om noko er vanskeleg.

I Kvam veit me at:
-       all åtferd er språk
-       elevane gjer så godt dei kan
-       alle elevar høyrer heime på skulen
-       elevar er ikkje vanskelege, men dei kan ha det vanskeleg

Målsetjinga er at alle elevane våre skal oppleva at dei vert sett, forstått og får oppleva meistring i skulekvardagen. Eit trygt og godt skulemiljø er ein føresetnad for at læring skal skje.

I tillegg til arbeidet på skulen, får miljørettleiarane treffa kvarandre for å dela erfaringar og kompetanse, og vera med på å laga system innan trygt og godt skulemiljø i Kvammaskulen. Som miljørettleiar jobbar du tett med leiinga på skulen, hjelpetenester og dei andre miljørettleiarane i Kvam. Miljørettleiarane kan også få rettleiingsoppgåver inn mot tilsette i skulen, og gi informasjon til/ samarbeida med føresette. 



Arbeidsoppgåver

  • Direkte arbeid med einskildeelevar og elevgrupper med ulike utfordringar;  i klasserom, ute, på andre opplæringsarenaer evt. heime hjå elevar
  • Samarbeida tett med kontaktlærarane og andre tilsette på skulen og saman utvikla gode læringsarenaer for elevane
  • Samtala med einskildeelevar, organisera aktivitetar i friminutt, og iverksetja miljøførebyggjande tiltak og rutinar på individ, gruppe og skulenivå
  • Samarbeida med og rettleia lærarar/støtteteam og leiing ved skulen 
  • Samarbeida med andre instansar ved behov; helsesjukepleiar, PPT, barnevern, BUP osv
  • Ha opplæring med og støtta elevrådet ved skulen
  • Skapa gode relasjonar med elevar og føresette

Kvalifikasjonar


  • Relevant 3-årig høgskuleutdanning (min. bachelor);  barnevernspedagog/vernepleiar/sosionom
  • Relevant vidareutdanning eller arbeidserfaring knytt til barn med samansette utfordringar(relasjon- og reguleringssvanskar, tilknytningsforstyrring, autismespekteret o.l)
  • Kartleggings- og observasjonskompetanse
  • Kunna analysera og gjennomføra tiltak for enkeltelevar og grupper med utfordringar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne 
  • Du må ha førarkort og høve til å disponera eigen bil

Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest av ny dato. Denne skal ikkje leverast med søknaden.

Personlege eigenskapar


  • Er positiv og blid, fleksibel og løysingssorientert
  • Har eit positivt elevsyn 
  • Likar utfordringar,er sjølvstendig, kreativ, strukturert og modig
  • God på relasjonsbygging
  • Klarer å stå i krevjande situasjonar over tid
  • Møter menneske med respekt og omtanke, uavhengig av åtferd
  • Viser høg etisk standard

Vi tilbyr

  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar

    Generell informasjon:
    Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

Kontaktinformasjon

Camilla Støen Bakke, Rektor Strandebarm skule, +47 950 01 894, camsto@kvam.kommune.no

Arbeidsstad

Tangeråsneset 35

5630 Strandebarm

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad



Referansenr.: 4783603619

Stillingsprosent: 80%

Fast

Søknadsfrist: 02.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Tangeråsneset 35, 5630 Strandebarm
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Omsorg og sosialt arbeid, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
344122597
Sist endret
14. mars 2024 01:29